– Emo for vaksne

Ein slags symbiose av ballerock og smått sutrete og sjølvforaktande pop. Bli betre kjend med Ukas Urørt Ferdarhag.

Ferdarhag, som består av Hallvard Mostrøm 26 år (vokal), Torbjørn Mostrøm 32 år (gitar), Børge Goa 29 år (gitar), Arngeir Skyttemyr 29 år (bass) og Gjermund Skyttemyr 26 år (trommer), er Ukas Urørt med låta «Elvis», produsert og miksa av Håvard Træthaug.

P3 Urørt mener:

Ferdarhag tar bygda på alvor med sine store, deilige rocklåter. Dette er melankoli med meining, satt i scene for ein ny generasjon av hausttunge popelskarar.

Sjekk ut profilen til Ferdarhag på Urørt her!

Når og korleis starta de å lage musikk?

– Bandet Ferdarhag i si noverande form vart til for omlag tre år sidan. Torbjørn presenterte ein del låtar for den yngre bror sin Hallvard, og saman samla dei ein brokete, men kompetent gjeng av gamle kjende og tidlegare bandkompisar, for å teste ut desse låtane i praksis. Det fungerte såpass bra at prosjektet vart til eit permanent band, og Torbjørn som framleis budde i Bergen ikkje såg anna rå enn å flytte etter dei andre til den segnomsuste hovudstaden.

Kva er bakgrunnen for at de kallar de Ferdarhag?

– Namnet Ferdarhag er henta frå eit dikt av Ivar Aasen. I diktet framstår Ferdarhag som noko ein har med seg på tur. For oss har musikken alltid vore ein trufast turkamerat. Det vere seg på turar i skog og fjell, på bussen langsetter kronglete vestlandsvegar, på toget over vidda, eller på farten over eit framand kontinent. Me ynskjer å lage musikk for menneske som rører på seg.

Kva er historia bak låta «Elvis»?

– Teksta på denne låta er meir enn berre litt nostalgisk. Den handlar om oppvekst, og saknet etter gamle vener når ein flyttar frå bygda til byen. Sjølv om alle flytta til den same byen, vart ikkje ting som før. Men mest av alt handlar den om trua på evige legender som aldri vil døy.

Coverart: Anette Strand / Hannes Manfredsson
Coverart: Anette Strand

Korleis går de fram når de lagar musikken?

– Som oftast er det ein av gitaristane som har sete heime og trylla fram eit «genialt riff» som han presenterar for resten av bandet på neste øving. I starten vert det gjerne møtt med iskald skepsis, og gjerne avfeid som sløsing av tid av dei andre musikantane i bandet, men etter kvart byrjar kvar og ein å trykke denne vesle skatten til sitt bryst. Som om den stygge andungen skulle fått ein ny sjanse av den prektige mor si.

Korleis vil de sjølv beskrive musikken dykkar?

– For å sleppe å nemne det utvaska «I-ordet», likar me å omtale musikken vår som «Emo for vaksne». Det har blitt ein slags symbiose av ballerock og smått sutrete og sjølvforaktande pop. To handtak som menn i fritt fall ut av 20-åra ofte likar å gripe fatt i. Det er ikkje eit bevisst val av sjanger, berre «sånn me lika da».

Kva er det mest interessante som har skjedd i dykkar karriere?

– Det var stort for oss då me etter å berre ha spelt saman i eit drøyt halvår fekk høve til å spele på den ekstremt framdstormande Utkantfestivalen i Ytre Sogn. Å verte kåra til ukas urørt er også ytterst stas.

Kva gjer de til vanlig?

– Tre pedagogar, ein fysioterapeut og ein arkitekt-student.

Ferdarhag er Ukas Urørt. Foto: Erlend Berge
Ferdarhag er Ukas Urørt. Foto: Erlend Berge

Kva er dykkar inspirasjonskjelder?

– Her kunne me fort laga ei endelaus liste, men lyt nok nøye oss med å trekke fram eit par-tre namn:
Kent – Fantastiske melodiar og låtstrukturar, og vakre tekstar. Føretrekk helst epoka då outroane berre «varte og varte», og gitarane i lydbiletet berre vart fleire og fleire.
Stein Torleif Bjella – Makan til mann … tekstane er formidable, men musikken held også svært høg klasse. Og karen kan verkeleg synge, og formidlar lyrikken sin på ein eineståande måte. Sigur Rós – Balsam for øyrene, og flukt for sinnet.

Hør Kent i Spotify og WiMP | Hør Stein Torleif Bjella i Spotify og WiMP | Hør Sigur Rós i Spotify og WiMP

Kva er den største skandala eller merkelegaste opplevelinga de har vert borti?

– Ein gong skulle me varme opp for eit fransk band i Oslo, som ikkje var så veldig kjent, men som ikkje mangla stjernefakter av den grunn. Me skulle låne deira trommesett, og fekk ikkje køyrt igong lydprøva før det var på plass. Me venta og venta i fleire timar, før det synte seg at franskmennene hadde «teke ein Snoop Dogg», og vorte stoppa på grensa med ei middels meng ulovlege substansar som ein del av reisegodset. Då dei omsider kom, strødde ein våre frittalande vener salt i såra ved å proklamere: «That’s the most stupid idea ever. You could have bought it right outside this door.»

Kva skjer framover? Noko spennande på gang?

– Me skal spele konsert på Tilt i Oslo 5. november, i samband med at me har sluppe singelen «Når sola stig» på Diamond Club.

Har de andre favorittar på Urørt?

– Det er mykje bra å ta av , men «Bærene» av Silja Sol er ein favoritt. Diggar teksten, drivet og måten ho syng på. Og Hovering Orville frå Jæren. Deilig, seig rock.

Hør Silja Sol i Spotify og WiMP | Hør Hovering Orville i Spotify og WiMP

Korleis ser drømmegigen ut?

– Kanskje noko slikt: Ferdarhag spelar Ivar Medaas-klassikarar saman med gjestar som Bruce Dickinson, Rihanna og Oddvar Torsheim. Og konserten skal haldast på ein arena i Tokyo, og alle japanarane har sjølvsagt lært seg alt av tekstar utanat.

Nevn ei konkret låt de har blitt inspirert av.

– Nine Inch Nails – «The Great Below».

Når høyrer de ikkje på musikk?

– Når me er under vatn.

Når danser dere? Kva skal til for å få dykk ut på golvet?

– 1-2 gongar i året, og då har det gjerne vore ein del sumarfriske drinkar involvert.

Kva er dykkar første musikalske minne?

– Det lyt nok vere Salhusvinskvetten eller Åge Aleksandersen live på Dalsøyra Samfunnshus.

Kvifor skjønte de at de skulle bli musikarar?

– Det har me nok aldri skjønt, eventuelt har me aldri vore musikarar.

Sjekk ut alle som har vært Ukas Urørt i 2014.