Endeleg er Christopher E. Breaux fjerna

Frank Ocean har til slutt fått lov til å bli Frank Ocean på ekte. Sjølv om mange musikkstjerner tar kunstnarnamn, er det få som går like langt som han.

Det kan vere avgjerande å ha eit godt artistnamn når ein skal prøve å gjere det stort i musikkverda. For musikarar er det ønskeleg å velje eit kort og slåande namn, som både er enkelt å hugse og ikkje minst skrive. Ein må vere lett å finne i musikktenester som Spotify, Wimp og iTunes – og komme øvst på Google-søk.

Breaux finst ikkje meir

Frank Ocean. (Foto: NTB Scanpix, AP)
Frank Ocean, ikkje Christopher Edwin Breaux. (Foto: NTB Scanpix, AP)

Christopher Edwin Breaux frå California var bevisst på at det ofte må gode kunstnarnamn til for å gjere det verkeleg stort. I 2014 forsøkte han å endre namnet sitt til Christopher Francis Ocean – inspirert av Oceans 11-filmen frå 60-talet. Då han fekk vite at han ikkje hadde søkt på riktig måte, prøvde han igjen å få endra namnet – men denne gongen til Frank Ocean.

No har han nettopp fått godkjend ei namneendring av staten, slik at alt frå straumrekninga til royaltysjekkar vert adressert til «Frank Ocean». Ifølge factmag.com skal det til slutt ha tatt rundt eit år å gjennomføre endringa.

Vil du endre namnet ditt? Det er faktisk relativt enkelt her til lands, og kan ordnast på Skatteetaten sine nettsider.

Alternativt kan ein ta eit kunstarnavn utan nødvendigvis å endre det juridisk, slik som gjengen under.

9 artistar som har tatt kunstnarnamn:

  1. Bruno Mars
    Popstjerna og låtskrivaren vart fødd i 1985 på Honolulu, Hawaii. Då fekk han det litt mindre fengande namnet Peter Gene Hernandez.
  2. Calvin Harris
    Den best betalte DJ-en i 2014 vart fødd i Skottland i 1984. Han heiter eigentleg Adam Richard Wiles.
  3. Nicki Minaj
    Rapparen vart fødd på Saint James på Trinidad og Tobago i 1982. Då fekk ho eigentleg namnet Onika Tanya Maraj.

    Fargerike Nicki Minaj. (Pressebilde)
    Fargerike Nicki Minaj. (Foto: Cash Money Records)
  4. Lana Del Rey
    Vart fødd i 1985 og er oppvaksen i New York City. Der fekk ho namnet Elizabeth Woolridge Grant av foreldra sine.
  5. Marilyn Manson
    Vart fødd i 1969 i Ohio, USA. Då fekk han namnet Brian Hugh Warner. Kunstnarnamnet er inspirert av skodespelaren Marilyn Monroe og drapsmannen Charles Manson.
  6. Kygo
    Vår eigen Kygo vart fødd i 1991 og kjem frå Fana i Bergen. Der kjenner folk han kanskje best som Kyrre Gørvell-Dahll.

    Kyrre Gørvell-Dahll aka. Kygo. (Foto: Tom Øverlie, NRK P3)
    Kyrre Gørvell-Dahll tok artistnamnet Kygo. (Foto: Tom Øverlie, NRK P3)
  7. Zayn Malik
    Den tidlegare One Direction-medlemmen vart fødd i Bradford i England i 1993. Han heiter eigentleg Zain Javadd Malik, men justerte artistnamnet sitt under X Factor UK.
  8. Freddie Mercury
    Den avdøde Queen-vokalisten vart fødd på Zanzibar i 1946. Då fekk han namnet Farrokh Bulsara. Han brukte først Freddie Bulsara, før han slo gjennom som Freddie Mercury.
  9. Snoop Dogg
    Ei slik liste hadde ikkje vore komplett utan rapparen Snoop Dogg. Han heiter eigentleg Calvin Cordozar Broadus Jr, og vart fødd i California i 1971. Han har endra artistnamn mange gonger, men er mest kjend som Snoop Dogg, Snoop Doggy Dogg og Snoop Lion.

    Snoop Dogg under hovefestivalen (Foto: Kim Erlandsen, NRK P3).
    Snoop Dogg under hovefestivalen (Foto: Kim Erlandsen, NRK P3).