Razika - Program 91

Frisk bris frå vest

Bergensbandet Razika sitt debutalbum Program 91 er eit sjarmerande vinddrag i det norske indiepoplandskapet.

Med singelen «Vondt i hjertet» stakk bergensbandet Razika hovudet opp frå dei sju fjell, og vart brått mykje synlegare for eit større publikum enn det som frekventerer samlingsstadane for musikkinteresserte i vestlandshovudstaden. Jentene har vore ein del av byens musikkspindelvev sidan dei var… vel, endå yngre enn det dei er no, og debutalbumet Program 91 er produsert og miksa av ein av nettets mest aktive edderkoppar, Matias Tellez. Det er blitt ein lett og nokså likandes indieflørt.

For å få det ut av vegen med ein gong: Ja, dei syng på både norsk og engelsk. I kor stor grad ein vil synes dette  er irriterande, vil nok variera frå lyttar til lyttar. Likevel er det vanskeleg å koma forbi at det er dei norskspråklege låtane på Program 91 som fungerar best. Coverversjonen av The Pussycats-låta «Why We Have To Wait» er riktignok ein fin referanse å ha med, men ein engelskuttale på nivå med Trond Graff bidreg til at bandet framstår hakket tammare når dei ikkje syng på morsmålet.

Då har forteljingane frå eit augensynleg fullstendig håplaust kjærleiksliv, fortalt på klingande bergensk, langt meir brodd – «Vondt i hjertet», «Aldri» og «Eg vetsje» er alle sjarmerande poplåtar i all deira enkelheit. Razika er også meistrar i å balansera ordbruken sin: Dei små stikka av sex og rus held seg akkurat på rett side av skiljet mellom det fandenivoldske og det spekulative.

«Vondt i hjertet»:

Program 91 gjer inga forsøk på å sprenga nokon musikalske grenser med sin skadryppande indiepop, og det gjenstår litt før tyngden og det tekniske overskotet heilt er på plass. Det er likevel vanskeleg å ikkje bli sjarmert av låtskrivarar Marie Amdam og Maria Råkils meloditeft og leikande tilnærming til sin eigen albumdebut. Som dei sjølv seier i «Middelalder»: «Ja, vi er som frisk luft, vi!»

Å lytta til Program 91 er som å sitta i parken med tre venninner ein litt for tidleg vårdag. Tøyskoa er på, alle personlege problem vert omgjort til sosial kapital, og det ein kjenner seg ganske nøgd med å ha livet framfor seg. Og ikkje minst gleder ein seg til sola varmar endå litt meir og graset er blitt endå grønare.

Maria Horvei