Grand Island - Della Loved Steve

Falma forelskelse

Della Loved Steve, og eg elskar Grand Island. Men hjartet dunkar ikkje like kraftig.

della_grand
Eg hugsar sommaren 2008 som ei viktig tid i livet mitt. Eg hadde fylt 18 og jobba på spekemat-fabrikk i 2008. Ein mann skulle formast, og han vart på mange måtar forma gjennom lengselen mot fridomen som låg utanfor dei tjukke fabrikkveggane. For å lena seg på ein klisjé.

På øyret gjekk NRK P3 nærast konstant. Blant Superfamily, Tommy Tokyo, Kelis og Akon fekk Grand Island si fantastiske låt «Love In Decay» tung rotasjon. Det var denne låta som på mange måtar definerte min musikksmak og interesse i åra som kom.

Den uvanleg energiske indie-popen til Grand Island, med banjo, mandolin, ei sporadisk blåserekke og den særeigne vokalen til Espen Gustavsen plasserte seg djupt i hjartet mitt i 2008.

Sidan då har eg elska Grand Island. Eg har fulgt dei gjennom ei ny P3-bølge med «Angelila» og «Suffer (Lid, min kjære)» med Janove Ottesen. Eg har fulgt dei gjennom stillheit i fleire år, og eg har fulgt tett med på nye utgivelsar, då dei endeleg kom på slutten av fjoråret.

Sjå den fantastiske musikkvideoen til første singel frå plata, «Oh You Know Me Well».

[youtube http://www.youtube.com/watch?v=HzxpDprnh1U]

 

«Oh You Know Me Well» er eit fantastisk stykke indiepop, med ei energisk blåserekke som rykkar i heile kroppen. Den opnar og Della Loved Steve, og blir fulgt av like fantastiske «While The Night Is Young». Eg får nesten den same kjensla av lengsel, energi og entusiasme som eg gjorde i 2008. «At The Arcade» er og på god veg til å vekka gnisten.

Men imellom der kjem fleire middelmådige låter. Sangar som ikkje fengar som Grand Island gjorde i 2008. Sangar som dempar kjærleiken min for Grand Island i ein periode.

Della Loved Steve er som den første fisen i senga i eit forhold. Det er eit uungåeleg punkt i eit kjærleiksforhold som der og då knipsar deg ut av den nyforelska kjensla. Men når du tenkjer deg om, er det ikkje så ille likevel. Du er framleis like forelska i den som ligg ved sida av deg.

Della Loved Steve er på høgde med forgjengaren Songs from Ôstra Knoll 1:22, kanskje til og med betre. Når plata og er i nærleiken av nydelege Boys and Brutes frå 2008, viser Grand Island seg framleis som Noregs kanskje mest unike og beste indie-band. Og eg elskar framleis Grand Island.

Det einaste som manglar er den unike kjensla som fulgte med Boys And Brutes, som fekk det til å kribla i heile kroppen.

Forholdet mellom meg og Grand Island er på ingen måte over. Eg er berre ikkje nyforelska lenger.

Anders Veberg