First Aid Kit - The Lion's Roar

Fyrstehjelp mot januartristesse

First Aid Kit er klare for å nå ut til eit endå større publikum med andrealbumet. Det fortener dei.

Det er ikkje så mange år sidan verda oppdaga dei svenske systrene Johanna og Klara Söderberg, betre kjend som folkduoen First Aid Kit, sitjande på ein trestubbe i skogen. Med flanellskjorter og krystallklåre harmoniar sang dei seg inn i hjartene til tusenvis av YouTube-brukarar, og debutalbumet The Big Black & The Blue, ei verdsomspennande konsertrekke og eit aldri så lite samarbeid med Jack White fulgte. For ikkje å snakke om nok Fleet Foxes-samanlikningar til å vare livet ut.

Hadde ikkje alt dette skjedd, er det vanskeleg å fri seg frå mistanken om at Johanna og Klara i dag kunne ha sitte med ein ganske så populær blogg mellom hendene. Dei er i den rette alderen (21 og 19 i skrivande stund), av rett nasjonalitet (Sverige har eksportert vel så mange bloggarar som popstjerner dei siste åra), med den rette forkjærleiken for det som tilhøyrer ei anna tid enn den dei sjølv er fødd inn i. På johannaochklara.blogg.se kunne dei ha posta ufokuserte bilete av seg sjølv i paisleymønstra 70-talskjolar, svart/kvitt-fotografi av ein ung Johnny Cash og små, poetiske tekstar om sommaren som er så alt for langt vekke i det kalde nord. Det kunne sikkert blitt fint. Men heldigvis har dei brukt talenta sine på ein anna måte.

The Lion’s Roar er First Aid Kits andre fullengdar. Medan The Big Black & The Blue var ein enkel og røft produsert introduksjon av to usedvanleg talentfulle, og veslevaksne, tenåringsjenter, er ambisjonsnivået no heva fleire hakk. Produksjonen er lagt i hendene på Mike Mogis (mellom anna kjend frå Bright Eyes), og resultatet er eit fyldegare og langt betre balansert lydbilete enn det som var tilfelle med debuten.

Dei karakteristiske vokalharmoniane (som, når sant skal seiast, fortener samanlikningane med både Fleet Foxes og Simon & Garfunkel) finn seg godt til rette i Mogis noko utvida orkestering. Dempa folk utgjer framleis hovudtyngda av låtmaterialet, utan at dette står i vegen for nokre skikkelege utskeiingar med både steelgitar-drive country («Emmylou», «This Old Routine») og mariachi-trompet («King Of The World»).

Og veslevaksne, det er dei sjølvsagt framleis.Tekstlinja «I’ll be your Emmylou and / I’ll be your June», frå den nydelege andresingelen «Emmylou», kunne eigentleg fungert som ein oppsummering av The Lion’s Roar. Gjennom heile albumet ser søstrene Söderberg seg tilbake, og både språket dei brukar og referansane dei legg på bordet er med å plassera dei i kategorien «artistar som ikkje har funne seg heilt til rette i det 21. hundreåret.» Å kome seg unna med dette, utan at musikken framstår røyndomsfjern og uttrykket påteke, er ikkje enkelt – men det er altså mogleg:

«Emmylou»:

For det er ikkje alle dei musikalske referansane som imponerer på The Lion’s Roar – at eit band har ein rikhaldig platesamling reknar ein liksom med. Det er sansen First Aid har for melodiar som hever dette albumet opp frå det ordinære, og som gjer at varsellampane for Det Store Internasjonale Gjennombrotet for lengst har byrja å blinka. Frå det kraftfulle tittelsporet, via den ungpike-draumande «To A Poet», til den drivande «I Found A Way» – dette er fyrstehjelp mot januartristesse på oppimot sitt finaste.

Maria Horvei

  • son_of_rain

    Denne var ganske fin.

  • Pingback: p3.no » Ny musikk på P3()

  • Anonym

    Strålende album. Hørte «Emmylou» uten å vite hvem artisten var, ble noe overrasket når det viste seg at det var to svenske søstre knapt ut av tenåra gitt 🙂

  • Anonym

    Strålende album. Hørte «Emmylou» uten å vite hvem artisten var, ble noe overrasket når det viste seg at det var to svenske søstre knapt ut av tenåra gitt 🙂

  • Tom Weeee

    Nydelig anmeldelse av et helstøpt album. 🙂

  • Pingback: P3.no Musikk » Se First Aid Kit live hos Ruben()