DumDum Boys - "Tre er to for mye" (singel)

Generiske guttestrekar

Det er liten grunn til å halda pusten for det nye DumDum Boys-albumet, dersom singelen er noko å gå etter.

Coverart for "To er tre for mye".

«Tre er to for mye» er fyrste varsel på kva me kan venta oss av Ti liv, DumDum Boys’ tiande studioalbum og det fyrste på to ikkje spesielt lange år.  At Prepple og gjengen ikkje verkar å leggja opp til å merkera jubileet med ei dramatisk kursendring (reint bortsett frå ei nyfunnen interesse for leik med taluttrykk), er ikkje noko sjokk. Hakket meir irriterande er det at dei augensynleg ikkje planlegg å gje ut spesielt bra musikk musikk.

Riktig nok høyres dei relativt opplagte ut som band på «To er tre for mye», men med tanke på Bent Sæthers rolle bak produksjonspulten, er det eit skuffande straumlinjeforma lydbilete som vert servert.  Nærveret av ei mest endelaus rekke oooh- og aaahing blokkerer dei fleste tilløp til frisk musikalsk tenking, medan melodien sjølv etter tallause runder på øyra kjennes omtrent like vital som Prepples tidlegare referansar til eige kjønnsorgan.

Kva bodskapen i låta er, er vanskeleg å forklara i detalj. Personleg stranda mi analyse allereie med opninga «Venner, jeg er glad ikke kan lese tanker / for her om kvelden var vi på vei til alle kanter / og siden har jeg gått rundt med en stor stein i magen / for det deilige suset jeg har hørt». Det følgjande pratet om konkyliar gjer ikkje det heile enklare å forstå.

Når DumDum Boys no gjer seg klare for sitt tiande album, er det nok på tide å slå seg til ro med at bandet si tid som spydspissar for musikalsk nybrottsarbeid for lengst er forbi. Og om dei ynskjer å halda fram meir eller mindre som dei alltid har gjort, har dei også album- og konsertbillettsalet til å forsvara det.

Men då må det òg få lov til å påpeika at «Tre er to for mye» er milevis unna bandets beste. Den er ikkje er nokon «Hagelangs», «Tusen etasjer høy», eller «En vill en» – for å bruka mine eigne DumDum-favorittar som døme. Det er ei kjedeleg låt, berre.

Maria Horvei