Heng med oss under by:Larm

Du er invitert! Bli med Ruben, Christine og resten av P3 på moroa under årets by:Larm.

by:Larm har med åra blitt Skandinavias viktigaste samling for musikkbransjen. Årets by:Larm blir som vanleg arrangert i Oslo – denne gongen frå den 4. til 7. mars.

NRK P3 skal sjølvsagt vere med på moroa – og det kan du også!

Sender direkte frå Youngstorget

Christine Dancke. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3
Christine Dancke. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3

by:Larm er ei flott blanding av konferansar og konsertar. I tillegg skal fleire av NRK P3 sine sendingar gå frå Kulturhuset på dagtid. Det som skjer på dagtid er opent for alle over 18 år og heilt gratis!

– Vi skal sende direkte frå Kulturhuset på Youngstorget torsdag (kl. 13 – 15), fredag (kl. 13 – 15), og laurdag (kl. 14 – 16)! Det blir mange norske og internasjonale gjestar, livespeling, coverlåter og god stemning, fortel Christine Dancke.

– Ein høyrer sjølvsagt alt på P3, men ein kan også møte opp på Kulturhuset for å henge med oss under sending, seier ho.

Bli med på plateprat!

P3s Ruben sleng seg i sofaen med ein bunke vinyl, platespelar og nokre av sine favorittartistar.

– Vi skal rett og slett kose oss ein times tid saman med tre flotte artistar som speler under by:Larm. Vi skal berre snakke om musikk som både er og har vore relevant for den aktuelle artisten – og høyre på den musikken. Det blir garantert ein hyggeleg seanse. Strøken for dagens siste kaffikopp eller første pilsner, seier Ruben.

Møt opp på Kulturhuset for å få med deg innspelinga! Få med deg Ivan Ave (torsdag kl. 15.30), SOAK (fredag kl. 15.30) og Jonas Alaska (laurdag kl. 16.30) ta ein triveleg plateprat med Ruben.

(Artikkelen held fram under biletet)

Frk. Fryd på by:Larm 2014. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3
God stemning under by:Larm 2014. (Foto: Kim Erlandsen, NRK P3)

Kvalitet frå P3-scena

Det blir knall konsertar med eit utval dyktige artistar frå P3-scena kvar dag. Her kan du ta ein titt på oversikta og gle deg til dine favorittar:

Onsdag: Sauropod (kl. 20), Kjært Barn (kl. 21), Coucheron (kl. 22), Fura (kl. 23) og WDSTCK (kl. 24).

Torsdag: Finding Muzyamba (kl. 20), Hawkon (kl. 21), Ivan Ave (kl. 22), Redder (kl. 23), Sondre Justad (kl. 24), Mats Dawg (kl. 01) og Loveless (kl. 02).

Fredag: Silja Sol (kl. 20), Tellef Raabe (kl. 21), Kristian Kristensen (Årets Urørt 2015) (kl. 22), Miss Tati (kl. 23), Pretty Vicious (kl. 24), Beachheads (kl. 01) og Slutface (kl. 02).

Lørdag: Kenneth Engebretsen feat. khat/hashish (kl. 20), Fay Wildhagen (kl. 21), Unge Ferrari (kl. 22), Cezinando (kl. 23), Pumba (kl. 24), OMVR (kl. 01) og Kid Astray (kl. 02).