Bruce Springsteen - Wrecking Ball

Historia gjentek seg

Bruce Springsteen sparkar oppover i kjent stil, men står i fare for å landa på ræva i forsøket.

Så Bruce Springsteen er ute med ei nytt album, seier du? Eit harmdirrande innlegg i den amerikanske samfunnsdebatten? Trygt plassert plassert på sida til den svakaste part? Stadionvenleg rock med klare innslag av ulike folketonar, framført med knytneven i verda og brei beinstilling? Takk, eg føler eg har høyrt det før.

Og det har du sjølvsagt.  Springsteens 17. studioalbum føyer seg saumlaust til den heartlandske tradisjonen vår mann frå New Jersey har vore ein så viktig del av i så mange år. Med det økonomiske uføret USA har hamna i som utløysande faktor, og skarpt refsande tekstar og høg allsongsfaktor som våpen, har Wrecking Ball vorte eit album som knapt nok utkjemper eitt einaste slag ein ikkje såg koma.

Agendaen vert satt med opningssporet «We Take Care Of Our Own». Springsteen hamrar inn ein syrleg kommentar til amerikanske styresmakters emne til krisehandtering, medan orgelet sydar i bakgrunnen. Det er melodiøst, drivande – og omtrent like langt unna eitkvart subtilitetsomgrep som Springsteen har for vane å plassera seg.

«We Take Care Of Our Own»:

Det folkdynka tospannet «Easy Money» og «Shackled And Drawn» følgjer opp, og gjer det klinkande klart at Seeger Sessions-spøkelset framleis ikkje er drive ut av rommet. Programmet vidare er ein tettpakka vandring eit velkjend landskap: frå dei umiskjennelege referansane i «Death To My Hometown», via liveklassikaren «Land Of Hope And Dream» – med ein vár siste salutt frå Clarence Clemons – til den hese og nakne «Swallowed Up (In The Belly Of The Whale)», står Springsteen nok ein gong fram som den amerikanske draumens mest utro tenar.

Nokre nye impulsar dukkar riktignok opp – det relativt sjarmerande rap-partiet på «Rocky Ground» er eitt døme, Tom Morellos tjuktflytande gitarsolo på «This Depression» er (for så vidt) eit anna – men slik dei kjem fram på Wrecking Ball har dei omtrent same effekt som eit par nye parfymar i hyllene til Steen & Strøm; lukta som møter deg når du går inn døra kjennest lik ut uansett.

Hovudproblemet med Wrecking Ball er ikkje Springsteens evner som historieforteljar, eller grunnlaget han har lagt for å kunne vera ei sentral stemme i det amerikanske ordskiftet. Det er det at det stadig bikkar over i det overdrive insisterande, der bodskapen druknar i overbefolka arrangement og musikalske og tekstlege klisjear. Til politisk brannfakkel å vera er det merkeleg uengasjerande, noko som i seg sjølv går hardt ut over relevansen til heile prosjektet.

Når albumet rundar av med «American Land» – eit spor som er farleg nære det ein kan gå utifrå at Kristian Valen hadde slengt i bordet om han skulle gjort ein Springsteen-parodi – trigger det ikkje stort anna enn eit skuldertrekk, og ein ørliten mental notis om at jodå, Bruce Springsteen var visst ganske irritert på tingas tilstand. Men som han sjølv seier på «Jack Of All Trades: «It’s all happened before/ and it’ll happen again».

Maria Horvei