Lady Gaga - Born This Way

Keiserinnas nye klede

Lady Gaga skapte med sitt første album ein illusjon av å vera ein av popmusikkens mest progressive aktørar, ei som sprengte grenser, og som i tillegg hadde eit genuint talent å visa til. Denne illusjonen slår kraftig sprekker med andrealbumet.

Ta ein titt på Lady Gagas Ray Kay-regisserte video til «Poker Face». Det som må seiast å vera det verkelege gjennombrotet til Lady Gaga som profil, verkar i retrospekt ganske så uskuldig: Sperra me verkeleg opp augene berre fordi ho ikkje gjekk med bukser? Fordi ho hadde blond parykk? Diamantar i ansiktet?

Med The Fame, og seinare den utvida versjonen The Fame Monster, redefinerte Lady Gaga ein del av den populærkulturelle estetikken, på same måte som Madonna og Grace Jones med fleire hadde gjort før ho. Brått vart det heilt normalt å ikkje gå med bukser. Parykk vart berre endå ein del av garderoben. Og dekorativ ansiktssminke vart noko alle dreiv med.  Lady Gaga førte an i nedprioriteringa av å vera sexy i tradisjonell forstand blant mange av dagens unge popstjerner.

Og no er altså oppfølgjaren her: Born This Way, med eit presseapparat på jobb 24 timar i døgeret, og ein artist som er blitt kåra til verdas mektigaste. Lady Gaga har ikkje lenger eit lyn malt over auga, ho har horn i panna. Ho utfører ikkje lenger suggestive hofterørsler ved bassengkanten, ho føder nye rasar i verdsrommet. Bukser er det framleis lite av, men mange nye hattar har kome til. Men det det i siste instans handlar om akkurat no, er altså dette albumet. Og det stiller diverre nokså svakt.

The Fame og The Fame Monster pumpa ut singlar som «Bad Romance», «Paparazzi» og «Alejandro», låtar som ein – enten ein er tilbøyeleg til å sette pris på denne typen dansegolvmusikk eller ikkje – måtte anerkjenna som godt samanskrudde, fengande og til dels smarte poplåtar. Dei fyrste singlane frå Born This Way vitna i retrospekt om eit album totalt blotta for desse kvalitetane.

«Born This Way» gjorde det udiskutabelt godt på listene, men vart samstundes kraftig sverta av dei openbare likskapane med Madonnas «Express Yourself». Både den og andresingelen «Judas» sendte òg ut uheldige signal når det kom til melodioverskotet: Er dette verkeleg det mest medrivande Gaga har å sende ut til sine little monsters?

«Judas» skal faktisk visa seg frå å vera langt frå albumets lavmål, og sjølv den er så dynka i syntetiske beats og eurotrash at ein nesten føler sveitten fra italienaren ved sida av deg på strandklubben kitla i naseborene etter at du har høyrt den ferdig. Dette er ei kjensle som sitt fast gjennom stort sett heile albumet. Det er det same om ein låt byrjar med ektefølte serenader («Marry The Night»), mariachiorkester («Americano»), el-gitarar («Electric Chapel»), saksofon («Hair») eller den merkelegaste tysken du nokosinne har høyrt («Scheiße») – det sklir uansett ut i hamrande rytmemønster og messande synth. Det er masete, humørlaust, og særs lite originalt. Strø nokon irriterande moraliserande tekstar på toppen, og…vel, der har du det.

Subtilitet har aldri vore Gagas varemerke, men på Born This Way går ho så langt over i det banale at popkunsten berre er ein flekk på ein fjern horisont. «I just wanna be myself /And I want you to love me for who I am,» er eit bodskap ein i utgangspunktet lett kan skriva under på, men når Gaga messer det fram på «Hair» føler ein seg berre grovt undervurdert som tenkande menneske.

I novemberutgåva av amerikanske W Magazine, det såkalla art issue, gjennomførte Joseph Ross, sjøverklært «psychic astrologer to the stars», ein samtale med den surrealistiske kunstnaren Salvador Dalí. Dalí har sjølvsagt vore død sidan 1989, men det er altså nokon som har evna. Dalí erklærte då at Lady Gaga var den einaste samtidskunstnaren han eigentleg likte, og den einaste som kunne kalla seg ein sann dalíist. Og diskusjonen som dreier seg om Gagas konseptualitet, hennar prosjekt og innflytelse, er også svært interessant. Men Born This Way er, frå eit musikalsk perspektiv, lite anna enn eit svært svakt album.

Maria Horvei