Tôg - Drøm

Kjære gud, du som er i verdsrommet

Tôgs debuterar med eit album fylt av høgtsvevande synthar og dansbare beats.

Etter å ha vore høgst tilstadeverande på radio, klubbkonsertar og festivalar det siste året, er Tôg no endeleg klare med debutalbumet. Stavangerbandet skal ha all ære for å ha teke seg god tid med prosessen, heller enn å hasta seg i mål medan radiohiten «Sansen» var på sitt varmaste, og for å ha teke imot all den hjelp dei har kunne fått frå produsentar som Ådne Meisfjord (120 Days og Serena Meneesh), Marcus Forsgren (Lionheart Brothers) og Nick Terry (produsent for m.a. Klaxxons, Simian Mobile Disco og Serena Maneesh). Drøm har med deira hjelp vorte eit album som på mange måtar utvidar dei musikalske rammene ein har satt kring bandet.

Den innhenta produsenthjelpa er nok ein viktig årsak til at Drøm har ein gjennomgåande spaca undertone, som gjer seg gjeldande alt frå opningssporet «Mot veggen». Frilynt omgang med synthen og eit rikt tilfang av post-disco-referansar er sentrale stikkord, og det er heller ikkje utan grunn at filmmusikk er ei hyppig nemnd inspirasjonskjelde. Det kan høyrast ut som eit nokså pompøst utgangspunkt, men heldigvis landar det stort sett på riktig side av streken.

Kombinasjonen av utprega ukontroversielle og uskuldege tekstar, og intrikate lag av musikalske referansar, gjer at Tôg framstår litt som den kulaste klikken på søndagsskulen på debutplata. Det melodiske vitnar på sitt beste om ein særs godt utvikla popsans, medan samspelet mellom frontfigur Lars Christian Olsen og vokalist Marte Opstad kling stødig. Tôgs kvalitetar kjem best fram når dei ikkje legg skjul på at dei vil ha deg til å dansa, med dei fint samanskrudde, og detaljrike, poplåtane «Appetitt for mer», «Sansen», «Reint mel» og «Pusten fra» som gode døme. «Afrika» skal på si side ha plusspoeng for fin kubjølle.

«Pusten fra»:

At ein ynskjer å skapa større dynamikk på albumet totalt sett er lett å forstå, men dei meir neddempa spora, som til dømes tittelsporet, er diverre ikkje engasjerande nok til å trekka opp heilskapen. Kor slitesterkt Drøm er, gjenstår å sjå,  men det er i alle fall ikkje vanskeleg å ha sansen for Tôg.

Maria Horvei