Låtpremiere: Hjerteslag

Høyr låtpremiera av «Romvesen» – henta frå det kommande debutalbumet.

Hjerteslag spelt ivrig på klubbscener og festivalar over heile landet dei siste åra. No gir dei ut debutalbumet Møhlenpris Motell den 20. mars. Du kan høyre låtpremiera av «Romvesen» heilt nede i artikkelen.

Turnéband

Robbie Lie Eidsvik frå Hjerteslag. (Foto: Thomas Søbstad, NRK P3)
Robbie Lie Eidevik frå Hjerteslag. (Foto: Thomas Søbstad, NRK P3)

– Romvesen er songen om å føle seg annleis. Det er fantasien om noko meir, seier Robbie Lie Eidevik, vokalisten i Hjerteslag.

Om du likar det du høyrer får du fleire moglegheiter til å sjå bandet live i sommar. Hjerteslag skal nok ein gong rundt om i landet for å vise fram musikken sin, og blir å finne på festivalar som Bergenfest og Vinjerock.

– Det er popmusikk vi held på med, men vi har element av både garage, punk og kanskje til og med litt «nyveiv». Kven veit? Vi lagar eigentleg berre det som fell oss inn naturleg, og kling godt i øyrene våre. Det har fungert veldig fint for oss så langt, sa bergensbandet til NRK P3 Urørt i fjor.

– Det einaste vi er skikkeleg gode på

– Vi byrja med å spele musikk i tenåra. Vi spelte i forskjellige band, med eit ønske om å kunne spele ein og annan konsert. Vi merka tidleg at det faktisk berre var tidenes unnskyldning for å drive med dei tinga som vi ønska å gjere. Enten om det handla om å leve eit vilt og utsvevande live, eller berre det å kunne lage den musikken vi synast er «fet», seier dei til P3.

– I dag er det fortsatt sånn at vi spelar musikk fordi det er utruleg spanande – og dessuten er det det einaste vi er skikkeleg gode på.

Dei seier at dei har latt seg inspirere av artistar som Ebba Grön, Broder Daniel, Oasis, Lords Of The New Church og Gun Club. Felles for dei alle er at dei enten har veldig gode melodiar og/eller tekstar.

Høyr låtpremiera av «Romvesen» her:

 

  • Renate Marlen Laupstad

    Catchy fengende låt!
    Diggbar fra første stund 🙂
    På samme måte som med Papirsvaner 🙂
    Liker det jeg hører, heier på dere! 🙂

  • ttelle

    Her lukter det roadtrip en varm sommerdag med konto full av feriepenger. Mata mat.