– Det skal vera litt pretensiøst

Atlanter spelar viddeblues, og har levd på gras-smoothie under innspelinga av debutalbumet. Møt dei i Lydverket!

Atlanter er glad i jamming, store fjellvidder og gamal rock. Slår ein dette saman, får ein albumet Vidde som allereie har fått gode karakterar. Musikken dei spelar blir kalla for viddeblues, eit uttrykk dei sjølv meiner er litt pretensiøst.

– Det skal vera litt pretensiøst. Me er veldig inspirert av kraut, og denne kjensla av svære vidder er norsk kraut, sa Arild Hammerø til Lydverket-programleiar Ruben Gran 22. januar. Saman med Jens Carelius er han den kreative kjerna i Atlanter.

I dag, 15. mars, kjem debutplata Vidde. På kjøpet leverer og Atlanter release-konsert på Blå i Oslo.

Høyr første del av intervjuet med Atlanter i Lydverket her:

Atlanter på Lydverket del 1

Uttrykket kraut treng kanskje ei forklaring. Utanom å vera eit kallenamn for tyske soldatar under fyrste og andre verdskrig, skildrar det blues-rock som er tungt styrt av improvisasjon.

Atlanter imponerte vår anmeldar – Fjellfett!

Hytteturen til Geilo

Arild Hammerø i Atlanter, frå by:Larm i februar. (Foto: Tom Øverlie, NRK P3)
Arild Hammerø i Atlanter, frå by:Larm i februar. (Foto: Tom Øverlie, NRK P3)

Både Jens Carelius og Arild Hammerø har fleire prosjekt bak seg, og dei to har spelt sporadisk saman i nær seks år. Atlanter er likevel relativt nytt.

– Begge to er akustiske folk, singer-songwriters. Men jamme-gleden har alltid vore stor, seier Carelius.

Det var denne jamme-gleden som vart opphavet til viddebluesen. Låtmaterialet dukka opp på ei hytte på Geilo.

– Tanken var å laga ei gitar-plate, så me reise opp på hytta til foreldra mine på Geilo med akustiske gitarar. Etter ei helg sat me igjen me ein del låter, og det utvikla seg etter kvart til eit band.

Høyr Atlanter spela «Aye» live i Lydverket:

Atlanter – Aye (live i Lydverket 22. januar 2013)

Akustisk jam

Med mykje bakgrunn i folk-musikk og akusisk gitar, var det ein overgang for Carelius og Hamrø til elektriske gitarar og krautrock. Likevel var bakgrunnen nyttig.

– Me har jamma så mykje med akustiske gitarar tidlegare, då føler du musikken meir på kroppen. Det gjer at me fokuserer meir på tonen framfor riffa, fortel Hamerø.

Høyr andre del av intervjuet med Atlanter i Lydverket her:

Atlanter på Lydverket del 2

Katt- og bikkje-gitar

Noko av det som gir Atlanter sitt særpreg, er fretless-gitaren til Arild Hammerø. Det vil seia at gitaren ikkje har vanlege bånd på halsen som dei fleste gitarar, og opnar for meir flytande gitarspeling.

Han kaller det ein «katt- og bikkje-gitar».

– Eg kallar den det fordi den er universell. Den kan høyrast veldig kattete ut, og veldig bikkjete ut, forklarar Hammerø.

Gitaren gir dei og meir struktur i jamminga si.

– Sjølv om eg gjerne skulle spelt lange gitarsoloar, får eg ikkje det. Denne gitaren er jo nær umogleg å spela på.

Les meir om Atlanter på p3.no/musikk

Den første singelen frå Vidde heitte «Kaktos», og er oppkalla etter ein europeisk kaktus i artisjokk-familien, forklarar Hammerø. Han er veganar på sin hals, og har fått med heile bandet på smoothie-diett under innspelinga av plata.

– Eg har ikkje smakt kaktos sjølv, så slik sett er det risikabelt å kalla opp singelen vår etter den. Men eg håpar plateselskapet snart stiller opp med nokre smaksprøvar.

Høyr Atlanter spela singelen «Kaktos» live i Lydverket.

Atlanter – Kaktos (live i Lydverket 22. januar 2013)