Live hjå Christine: Billie Van og Mikhael Paskalev

Ein cover av ein cover, og «How Can It Be So Hard» i ny drakt – sjå video og nyt.

Billie Van har du sikkert sett før, kanskje oftast bak eller ved sida av kjærasten Jonas Alaska eller kompisen Mikhael Paskalev. No er det ho som er hovudpersonen, og 1. november kjem debutalbumet. Den andre singelen frå albumet, «How Can It Be So Hard» vart framført live – den ser du øvst i saka.

Sjå fleire liveklipp frå Christine her!

Privilegium med debut

Debuten har Billie Van jobba med i fire år, samstundes som ho har bidrege tungt på både konsertar og plater for kompanjongane hennar. Når plata no er i boks, er det ei deilig kjensle, fortel Billie Van til Christine.

– Er nervene i sjakk før plata kjem?

– Det kjem litt an på kva dag det er. I dag vakna eg heilt roleg, i går hadde eg fullstendig panikk. Det er så mykje som skal ordnast.

Men ho legg til at det er ikkje sjølve plata ho er nervøs for, men alt rundt.

– Det eg tenkjer mest på er release-festen, då er det mykje som må på plass.

– Kva er viktigast – bra konsert eller bra fest?

– Bra konsert blir bra fest, seier Billie Van etter ein kort tenkepause.

Trykk her om du vil høyra heile sendinga – der Christine og snakkar med Wiz Khalifa om norsk rap. 

Gutane bak

Billie Van har blitt ein godt integrert del av musikken til både Jonas Alaska og Mikhael Paskalev. På same måten er dei to ein viktig del i hennar musikk. Sjølv om dei både lever og jobbar tett, har dei kvar sin solokarriere. Kven som hadde vore sjefen i eit eventuelt band er difor vanskeleg.

– Eg trur me hadde vore flinke til å fordela sjefsrolla. Men me har nokre felt der ein er bedre enn dei andre. Eg er til dømes veldig praktisk, og hadde nok fiksa veldig mykje av det praktiske.

Stereo

Billie Van og Mikhael Paskalev hadde òg øvd inn ei coverlåt før besøket hjå Christine. Valet falt på Emilie Nicolas sin versjon av «Pstereo» – den ser du her:

Kjenner dei kvarandre?

Sidan dei tilbringer så mykje tid med kvarandre, måtte me nytta anledningen til å testa kor godt dei to kjenner kvarandre. Me stilte spørsmål som favorittartist, korleis nervene blir takla, og kva som trekk fram det store smilet i tunge tider.

– Om nokon kjem med ein basketball eller ein fotball og spør om Mikhael vil spela litt, då trur eg han blir i betre humør, seier Billie.

Høyr heile venestesten her:

Nett Kor godt kjenner Billie Van og Mikhael Paskalev kvarandre