Meir enn berre partymusikk

Etter ni singlelslepp på fire år, er endeleg barndomsdraumen til Julie Bergan (23) blitt ei verkelegheit.

Utselde konsertar, 1. plass med «Arigato», Spellemann-nominasjon, festivalar i utlandet og meir enn 150 millionar avspelingar.

Julie Bergan (23) frå Skien er allereie blitt ein etablert artist. Men først no kjem debutalbumet.

– Eg trur ikkje det har gått heilt opp for meg. Eg slapp jo ein singel forrige fredag, så eg er litt sånn «hæ – skal eg sleppe noko igjen allereie no?», seier Julie oppspilt.

Når vi pratar med ho nokre dagar før albumslepp har ho for ein gong skuld ein roleg morgon der ho kan slappe av under eit pledd i sofaen heime. For det har vore ganske hektisk den siste tida med mykje reising, spelejobbar, singelslepp og lite søvn.

– Det er jo ikkje lett å legge seg til å sove rett etter å ha gjort noko ein blir så gira av.

Men det ho blir mest gira av, er det ho skildrar som høgdepunktet i karriera så lang: Albumsleppet.

Det etterlengta albumet

– Å gi ut eit album har jo vore draumen sidan eg var lita. Eg trur ikkje det kjem til å gå opp for meg før eg går på platebutikken og står med CD-en i handa, seier Julie.

– Når det kjem til mi karriere vil eg vere delaktiv i all ledd, seier Julie Bergan. Foto: Adam Falk Foto: Adam Falk

Sidan ho var ferdig på vidaregåande har jo jobba med musikken. Ho blei fort signert med Warner Music og gav ut sin første singel i januar i 2014. Sidan den gong har det blitt åtte singlar til.

– Med dei første låtane eg gav ut, heldt eg framleis på å finne meg sjølv. Finne ut kven eg ville vere og kva eg ville seie, fortel ho.

Debutalbumet «Turn on the lights» meiner ho er ein god representasjon av den artisten ho er blitt. I det har ho samla nokre av dei singlane ho har allereie gjeve ut, i tilleg til sju nye.

– Nokre av dei nye songane på albumet skreiv eg allereie i 2015, men sidan eg berre har gitt ut singlar fram til no, har det vore viktig at songane passa inn i tida. Så i 2015 passa det betre at eg gav ut låtar som etablerte meg meir som artist, men no, i eit album, kan eg liksom ha låtar som viser fleire sider av meg sjølv. Meir sårbare, personleg sider. Det er fint å ha den fridommen.

For med singlar som «Arigato» og «Blackout» som har tunge drop og masse energi, har Julie markert seg som ein artist med mykje futt, både i låtar og i sceneprestasjonar.

– Eg er veldig heldig som mesteparten av tida har det bra og er veldig glad, og at musikken min kan spegle det. Men eg har lyst å vise at eg tenker masse og kjenner på fleire kjensler. Det er fint å få meir rom for det no.

Ikkje slik som ho hadde drøymt om

Å stå med sitt eige album i handa, er noko Julie har drøymt om sidan ho var lita, men sjølve prosessen har ikkje vore slik ho trudde den skulle vere.

– Eg trudde det skulle vere enklare og litt meir «rett fram». Eg såg ikkje for meg kor viktig og personleg alt skulle følast.

Prosessen med å ferdigstille albumet skildrar Julie som «lang, fin og viktig» og har gått føre seg parallelt med alt det andre som har skjedd i karrieren hennar dei siste åra.

– Vi har vore i studio innimellom konsertar og reiserdagar. Etterkvart har eg opparbeida meg eit arkiv av songar å velje frå, fortel Julie.

Låtane på albumet har ho skrive saman med fleire kjende låtskrivarar og produsentar som blant andre Caroline Ailin, som har skrive for Dua Lipa, og Linnea Södahl som har arbeidd med blant andre Zara Larsson og Icona Pop. I byrjinga syntest Julie det var litt skremmande å skulle jobbe med slike anerkjente personar.

– Eg var jo nettopp ferdig på skulen. Plutseleg skulle lille Julie frå Skien jobbe med alle desse flinke menneska. Kva hadde eg å komme med liksom?, fortel ho.

– Men etterkvart har eg blitt tryggare på meg sjølv og mine eigne idear. No veit eg kva som fungerar for meg, og kva som ikkje fungerar. Ein får jo meir eigarskap til dei låtane ein tør å ta større del i.

– Å reise rundt og møte menneska som høyrer på musikken min er det beste eg veit. Foto: Mads Suhr Pettersen

Meir enn kommersiell pop

Og å ta eigarskap til albumet, har vore viktig for Julie heile vegen. For ho var det å få synge noko av det viktigaste med plata.

– Det er jo det som har vore lidenskapen min heilt sidan eg var lita. Men når ein gir ut masseprodusert musikk med drop og slikt, slik som eg gjer, er det lett at mange trur du ikkje kan synge, forklarar ho.

– Men eg lagar jo sånn musikk fordi er synest det er fett, eg kan framleis synge og skrive!

Med songar som «Second Hand Love» og den allereie populære «Incapable» føler ho at ho får vist fram stemma si. Ho trur mange blei overraska at ho som kommersiell popartist vel å gi ut eit album.

– Det er på ein måte ikkje forventa av artistar som meg. Men eg er meir enn berre singlar og partymusikk. Eg vil seie noko ved å gi ut eit album, seier ho bestemt.

Og ho har ikkje tenkt å gje seg der. I tida framover har ho mykje på tapetet, med både promotering av albumet og turné i Skandinavia. Vidare siktar ho mot fleire singlar, album og verden.

– Draumen min er jo å ein gong reise på verdsturné. Å spele live og møte nye menneske er det beste eg veit. Eg vil halde fram meg å utvikle meg sjølv og musikken min, og så kanskje ein dag skjer det, seier ho.

– Det er ambisiøst, men det er viktig at eg set meg slike mål. Eg kan ikkje slå meg til ro. Viss ein ikkje trur på seg sjølv, kven skal tru på deg då?

Høyr Julie Bergan si live-framsyning av «Incapable» hos Christine

  • Siv_Hagen

    en anelse generisk?