Mew er tilbake!

– Vi har fortsatt ein pop-trang, men det må ha ein hard kant og vere litt «against the world», seier dei danske indie-stjernene.

Satellites er den første singelen frå Mews nye album. + – (utalt: plus minus) blir utgitt den 26. april. No er Mew klare for å gje seg ut på turne for første gong på lang tid.

No more stories…

Tittelen på det førre albumet frå 2009, «No More Stories / Are Told Today / I’m Sorry / They Washed Away // No More Stories / The World Is Grey / I’m Tired / Let’s Wash Away», ga ei klar melding om at gjengen var lei. No, rundt fem år seinare, er Mew tilbake med eit nytt album – men dei er ikkje heilt med på at det er eit comeback.

Det er eit par års opphald frå dei spelte sin siste konsert saman. Bjerre har blant anna jobba med å lage filmmusikk og er med i Magne Furuholmens Apparatjik-prosjekt. Gitaristen Bo Madsen har prøvd seg på kunstmåling, og har tatt målarkurs saman med bassisten Silas Jørgensen.

– Sjølv om det nesten kan følast som eit comeback, så har det jo eigentleg berre vore ei lang pause. Klart, vi bruker ikkje fem år på å lage ei plate, så vi har jo gjort andre ting også. Men det har aldri vore planen å ikkje lage noko meir saman, seier vokalisten Jonas Bjerre.

Dette er Mew:

•  Jonas Bjerre – vokalist, gitar, piano, synth
Bo Madsen – gitar
Silas Utke Graae Jørgensen – trommer
Johan Wohlert – bass (1995 – 2006) (2014 – )

•  Dansk indieband frå Hellrup, like utanfor København.

•  Stor internasjonal suksess alt frå fyrstealbumet «A Triumph for a Man» (1997)

•  Bandet tok ein pause etter sist album i 2009

•  Er no tilbake med albumet + – (uttalt: Pluss minus) og skal ut på verdsturne.

– Vi har alle eit behov for å skapa noko, og får saman eit utløp for dette ved å lage musikk saman. Det nye albumet vårt er eit resultat av denne felles skapartrongen, fortel Madsen.

Så lenge vi ikkje kjem dit at vi ikkje har meir å uttrykke så er det alltid planen å lage ei ny plate. Det er nok enklare å komme dit om ein er soloartist enn eit band. Vi inspirerer og utfordrar kvarandre til å vere kreative, legger han til.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mew tok turen til P3 for å snakke om det kommande albumet sitt. (Foto: Tor-Erik Humlen, NRK P3)
Mew tok turen til P3 for å snakke om det kommande albumet sitt. (Foto: Tor-Erik Humlen, NRK P3)

Det sjette studioalbumet: + –

Dei rutinerte musikarane er ikkje nervøse, men kjenner litt på at det er ei stund sidan sist dei ga ut eit album.

– Ein får ikkje noko ut av å vere nervøs, men det er klart vi er spente. Dersom ein føler at ein har gjort så godt ein kan, så er ein ofte meir spent enn nervøs. Vi har gjort så godt vi kan og trur dette er noko av det beste vi har laga så langt, seier Madsen.

Dei to ler litt, og seier at det er ein klisjé å kalle det siste albumet sitt for det beste så langt.

– Det blir litt som Coldplay som alltid seier «this is the best album som far» når dei gir ut plate. Men på ein måte er dette det beste albumet vårt så langt. Det følger uansett opp dei andre vi har gitt ut på ein god måte, seier Madsen.

– Det er eit veldig variert album. Det er kontrastrike låtar med stor spennvidde, samtidig som dei smeltar fint saman til eit album, fortel Bjerre.

Bo Madsen samanliknar albumet med ein stor søskenflokk:

– Det er som ein barneflokk på 10. Alle låtane har kvar sin personlegdom, men samtidig ser ein at dei er søsken som til ein viss grad liknar på kvarandre og høyrer saman.

 Verdspremiere hos P3s Christine

P3s eigen Christine Dancke fekk måndag sitt eige yndlingsband på besøk i studio. Som om det ikkje var nok fekk ho også vere den fyrste i verda til å spille av Mews The Night Believer til sine lytterar.

– Dette er den mest radiovennlege låta eg har høyrd frå Mew, sa Christine etter å ha spelt av verdspremiera for P3 sine lyttarar.

Verdspremiere på Mews The Night Believer: Hør låta her!

Christine utfordra danskane til å sette emoticons til kvar enkelt låt på det kommande albumet. The Night Believer fekk ei «dansedame» og ei palme, med tilhøyrande forklaring.

Høyr heile intervjuet frå då Mew besøkte P3s Christine her!

(Artikkelen held fram under biletet)

Mew satt passande emoticons til alle låtane på det nye albumet då dei var på besøk hos P3s Christine. (Foto: NRK P3)
Mew satt passande emoticons til alle låtane på det nye albumet då dei var på besøk hos P3s Christine. (Foto: NRK P3)

Turneen blir høgdepunktet

No gjer dei seg klare til å legge ut på turne. Mew er eit av dei banda som med rette kan kalle turneen sin for ein verdsturne. Første konsert ut er i Austin, Texas. Så reiser dei vidare frå USA til Taiwan, og jobbar seg tilbake mot Europa igjen.

– Det er jo eit liv i ein slags syklus når ein jobbar med musikk. Først skriv vi, så spiller vi inn, så turnerer vi, så skriv vi igjen, og så bortetter… Min favoritt er absolutt turne-delen. No skal eg få stå saman med alle dei gamle kameratane mine på scena. Vi skal spille musikken vi har skapt samen, som igjen blir enda betre når publikum er med på å presse oss til å prestere, seier Madsen.

I sommar kjem Mew også innom Noreg under turneen sin. Dei skal spele både under Malakoff-festivalen på Norfjordeid og Skral Festival i Grimstad.

– Vi har testspelt nokre av songane foran eit publikum før dei var heilt ferdige. Eg syns vi fekk veldig god respons på dei. I tillegg er det ein del songar vi ikkje har spelt live for eit publikum enda. Men eg har intrykk av at vi sitter på eit godt live-album, som egnar seg godt for konsertar, seier vokalisten Bjerre.