Pophåp på glattisen

Alessia Cara har varma mange hjarter med hitsingelen «Here». P3 Spanderer tok med kanadieren til Løren ishall.

– Eg har sunge songen min ein million gonger, men eg har aldri gjort det på denne måten. Så dette kan bli interessant.

Vinteren er tilbake, og kanadiske Alessia Cara gjer seg klar til  å framføre hiten hennar ”Here” blant kunstløypar Andrea Aschim Lae (16) sine modige hopp og piruettar.

Høyr Alessia Cara i Spotify og Tidal

Lot seg imponere

Andrea tilbringer opptil 16 timar i veka på isen – no på banen i Løren ishall.

– Eg har aldri hatt nokon som dansar til songane mine før, eller noko form for akrobat eller kunstløypar. Så dette kjem til å bli kult, seier Alessia som etter ein god halvtime med dokumentering både på Snapchat og Instagram verkar mektig imponert over den unge kunstløyparen.

Alessia Cara på isen i Løren ishall. Skjermdump, Youtube
Alessia Cara på isen i Løren ishall. Skjermdump, Youtube

Høyrt 270 millionar gonger

Tenkjer du denne settinga kan passe til songen din på nokon måte? Eller har me dratt det litt for langt?

– Hehe, det er ein mykje meir kunstnarisk måte å sjå det på, men det kan passe fordi ho er aleine og songen handlar jo om ei jente som er for seg sjølv.

Alessia har lagt ut covervideoar på YouTube sidan ho var tretten. Men ballen byrja verkeleg å rulle for Alessia då ho ga ut singelen «Here» i tidleg 2015 – ei hymne for alle dei som eigentleg ikkje er så glade i å feste.

Songen fekk merksemd som ein frisk pust i musikkverda og vart strømma over ein halv million gongar samme veka den vart utgitt. Per dags dato er låta sett og høyrt nesten 270 millionar gongar til saman på Youtube og Spotify.

Moro på isen under P3 Spanderer-innspilling. Skjermdump, Youtube
Moro på isen under P3 Spanderer-innspilling. Skjermdump, Youtube

Høyr intervjuet: Ruben

Under besøket var Alessia også innom Ruben kor ho fortalte meir om songen, korleis ho opplev det å vere tenåring i dag, og kva som ligg bak tittelen på debutalbumet Know-It-All.

Ikkje ein sportsfan

– Hockey er jo stort i Canada – er det noko du følgjer med på?

 – Faren min er ein stor sportsfan, det same med broren min. Eg er ikkje så interessert, men eg hugsar at eg såg mykje på det, eller rettare sagt blei tvunge til å sjå på, for faren min hadde det alltid på i huset. – Eg var vel meir opptatt av det kreative og musikken.

– Er du flink til å stå på skøyter då?

– Eg har iallfall vore det – eg er jo tross alt kanadisk.

Se flere P3 Spanderer