Premiere på P3: Det e Over

Høyr Sondre Justad sin heilt ferske singel – først på P3s Christine.

– Når eg er i Noreg er det mest naturleg for meg å både skrive og synge på norsk, sa Justad til P3 i haust.

Han held fortsatt på det norske språket, og det med stor suksess. I dag var det premiere på den nye singelen hos P3s Christine.

Eksklusiv premiere

Justad sin nye singel heiter Det e Over og er henta frå debutalbumet som kjem i 2015. Justad legg stor vekt på at musikken skal vere personleg og ekte. Det kjem også tydeleg fram i låta Det e Over, som hadde premiere på P3 i dag.

– Dette har vi venta enormt på! Mange har tru på at Sondre Justad kan bli ein av dei mest spanande artistane i 2015, seier P3-programleiaren Christine Dancke.

– Skru opp lyden og nyt, er den klare beskjeden frå Christine.

Du høyrer låta her: Det e Over – Sondre Justad

 

Suksess hos Christine

Då Sondre Justad var gjest hos P3s Christine Dancke sist sommar fekk han mykje merksemd for sin versjon av Sam Smith sin Grammy-nominerte song Stay With Me. Også den vart omsett til norsk, og sungen med Justad sin særeigene vri.

Då kom det raskt store mengder tilbakemeldingar til både Christine-redaksjonen og Justad sjølv.

– Alt i frå 16 år gamle gutar til 40 år gamle damer har sendt meg meldingar etter framføringa av Bli hos mæ (Stay With Me) hos Christine, sa han til P3.

No er han spent på om lytterane sine tilbakemeldingar på den heilt nye singelen Det e Over vil bli like overveldande.

P3 Spanderer: Sjå Sondre Justad sin tolking av Sam Smiths Stay With Me.