Rumble In Rhodos - by:Larm, Rockefeller

Riktig kurs

Du kan godt gleda deg til den nye Rumble In Rhodos-plata, dersom konserten på by:Larm er noko å gå etter.

Me var mange som hadde sett fram til dette gjensynet med Rumble In Rhodos på Rockefeller i går kveld. Etter å hevda sin posisjon som eit av dei beste banda som har krabba opp frå Oslos musikkundergrunn dei siste åra med to til dels strålande album, har det no gått tydelege signal om at ambisjonsnivået er heva i takt med at den musikalske horisonten er blitt utvida. Montées mikseglade gutter Anders Tjore og Erlend Mokkelbost er hyra inn for arbeidet med den nye plata – ute i april – noko som burde omrokkera litt på eit allereie eklektisk utval av referansar. Post hard core-knaggen har riktignok vore flittig i bruk, men òg postpunk og streitare rock er klare orienteringspunkt for kvintetten.

Konserten dei leverte på Rockefeller gav publikum all grunn til å oppretthalda forventningane til den nye plata. Sjølv om skiljet mellom nytt og gamalt materiale i ein slik setting ikkje framsto som sylskarpt – til det stikk nok liverøttene til bandet for djupt ned i opptråkka jorda – er det tydeleg at gode ting er på gang. Vokalstilen til Thomas Bratlie er framleis som skapt for å sprenga blodkar hjå landets sangpedagogar, men det melodiøse preget er løfta meir fram, medan gleda over dei subtile, men elegante, musikalske grepa verkar å ha auka.

Rumble In Rhodos er alltid eit oppløftande liveband, enten ein ser dei i kjellaren på Revolver eller på Rockefeller. I går var ikkje lyden optimal, spesielt ikkje for Bratlie (som for så vidt ikkje går inn for ein konstant avstand mellom seg sjølv og mikrofonen heller), men med nye låter endå meir under huda er det berre å sjå fram til ein konsertsommar med Rumble In Rhodos.

Maria Horvei