Montée - by:Larm, Teltet

Sjå på det, Montée

Montée tok by:Larm-publikumet tilbake til jappetida. Den gode delen.

«Vi er Montée, og vi forfekter tre grep og sannheten!»

Ehm, nei. Både publikum og vokalist Anders Tjore visste at det var heilt andre premiss som låg til grunn for Montées kickoff-konsert i Teltet natt til i dag. Bandets andre album, Rendition Of You, er rett rundt hjørnet, og den speletida dei hadde til disposisjon vart i all hovudsak brukt til å visa fram nytt materiale.  Uten at verken enkel akkordprogresjon eller eit krystallklart bodskap kunne seiast å vera  kjenneteikn på noko av dette.

Den ikkje spesielt subtile flørtinga med 1980-tals new wave og synthpop vart derimot vidareført, samstundes som det ikkje ser ut til at progen treng å frykta for sin posisjon som ein av bandet viktigaste inspirasjonskjelder. For medan snøflaka flaug forbi mellom lyktestolpane på Youngstorget utanfor, gjorde Montée sitt for å varma onsdagens by:Larm-gjengarar med intelligent, intrikat pop, som skapt for varme klubbnetter og svale kveldar på takterassen.

Og ingen kan nekta for at Montée er ein god guide gjennom eit slik landskap. Ved reisas slutt, etter ein herleg framføring av singelen «Faith», satt ein att med kjensla av å ha blitt minna på kva for eitt formidalbelt popensemble Montée er på sitt beste. Samspelet er suverent, Tjore syng prikkfritt og låtmaterialet står til god stemning sjølv for dei nyinnvidde.

At lyden ofte jobba mot dei under det korte settet kan ikkje bandet ta på si kappe – sjølv om det utvilsamt la ein dempar på opplevinga for fleire i salen. Det som derimot er faren for eit band som Montée er å snuble i flinkisfella. Musikken deira er så elegant skrudd saman at ein til tider vert minna på det flinkaste bandet på folkehøgskulen sin, og ein skulle ynskja at dei som sto på scena hadde gått litt hardare inn for å sjarmera oss som sto i salen.

På ein kveld som i går var likevel ikkje så farleg. Montée leverte noko godt til publikum i Teltet i går, med eit låtmateriale som lovar bra for den nye plata. Me håpar og trur at konserten deira på Sentrum Scene i kveld kan stå til eit endå meir overbevist terningkast.

Maria Horvei