Highasakite - Herr Nilsen, by:Larm 2012

Slapp vind i segla

Er det verkeleg så kjedeleg å spela på by:Larm?

Når Highasakite går på scena på Herr Nilsen, er det utan tvil med eit veldig flott album i bagasjen. All That Floats Will Rain stikk kanskje ikkje av med tittelen for årets minst pretensiøse albumtittel, men føyer absolutt  inn i rekka av intelligent, høgtflygande popmusikk me her oppe i nord har greidd å fostra opp gjennom åra. Spørsmålet ein no stiller seg, er i kva grad bandet maktar å overføra det ambisiøse lydbiletet til liveframføring.

Svaret ein sitt med etter den tilmålte halvtimen med Highasakite er over, er vel at det ikkje er så mykje å klaga på reint musikalsk. Ingrid Helene Håviks vokal gjer seg godt over bakteppet av dump perkusjon, strykande gitar og hard synth, som på ein god måte er arrangert for liveframføring.

Diverre verkar det som om bandet sjølv syns det heile er ei dørgande kjedeleg affære.  Om Håvik går medvite inn for å framstå som ein eksepsjonelt ukarismatisk frontfigur, eller om ho rett og slett ikkje har dagen, er vanskeleg å vita. Som artist framfor eit stappfullt konsertlokale skuldar ein uansett publikum å i det minste gjere ein innsats –  viss ikkje er det nok av band som heller fortener merksemda.

Maria Horvei