Kaizers Orchestra - Violeta Violeta, Volume I

Sukk frå orkestergrava

Kaizers Orchestra er tilbake med sitt mest ambisiøse prosjekt til no. Men pumpeorgel og jærendialekt er ikkje kva det ein gong var.

Det er gått ti år sidan Kaizers Orchestra fekk heile Noreg til å dansa ompa. Mange rundar russisk rulett har utspelt seg sidan den gong, og då den nye singelen «Hjerteknuser» begynte på sin seiersgang på norske radioar før jul i fjor, las mange det som eit varsel på eit taktskifte frå rogalendingane. Ein såg for seg eit Kaizers som var klar for nettopp å bli spelt på radio. Eit Kaizers med strammare produksjon, færre oljefat og fleire strykarar. Når plata no er her i si sepiabrune heilheit, vil det nok likevel fyrst og fremst vera tilhengjarar av det gamle Kaizers som bryt ut i seiersdans. For lat det vera heilt klart: Kaizers Orchestra har ikkje forandra seg så veldig mykje. Den velkjente eimen av vodka og bruset frå pumpeorgelet ligg som ei tjukk skodde over Violeta Violeta.

Men lat oss ta historia fyrst: Som fyrste del av ein trilogi, introduserer Violeta Violeta lyttaren for persongalleriet Beatrice, Kenneth og deira dotter Violeta (som var så vakker at dei gav ho namn to gonger). Beatrice var inga enkel sjel, og då Violeta var sju år gamal bestemte Kenneth seg for å ta ho vekk frå mora. I sju lange og sju breie har dei to levd eit omflakkande liv, medan Beatrice, lamma av sjokket, framleis sitt heime på loftet og shottar Absolut. Men noko er i emning – for bandet mellom mor og dotter let seg ikkje bryta så lett.

Når du veit så mykje, kan du muligens spara deg å pløya gjennom bookleten frå perm til perm. Om du likevel velger å gjera det, tenk nøye gjennom kor mange setningar av typen «Hun har vært i en eksistensiell krise siden Kenneth stakk av med Violeta, hvor Beatrice har vært handlingslammet og ute av stand til å ta affære, og har utviklet en skakk og annerledes livsfilosofi» du har plass til i livet ditt. Vender ein si fulle merksemd mot det musikalske innhaldet, er det likevel ein del slagg i pipesystemet.

I iveren etter å fortella ei historie, forsvinn mykje av det som faktisk har gjort Kaizers så fantastisk til tider: Låtane som er større enn livet, energien som verkar å vera henta frå Jærens aller mørkaste spritkjellar. På Violeta Violeta endar melodi og tekst opp litt for ofte opp i håndgemeng med kvarandre, og vilja til verkeleg å driva sirkuset framover glimrar med sitt fråvær. Når du er komen så langt at du høyrer dei to låtane «Psycho under min hatt» og «Svarte katter og flosshatter» rygg mot rygg, er det ikkje berre titlane som verkar smått krampeaktige.

Når det er sagt, er albumet på ingen måte blotta for fine Kaizersaugeblikk. Åpningssporet «Philemon Arthur & The Dung» sitt godt med kor, obskure populærkulturreferansar og det heile, og på «Tumor i ditt hjerte» er det faktisk snakk om eit ganske godt refreng. At den nevnte singelen «Hjerteknuser» skiller seg såpass klart ut i positiv retning seier likevel sitt.

«Hjerteknuser»:

At det er nødvendig for Kaizers å fornya seg for framleis å vera relevante, er på inga måte sjølvsagt. Men litt sterkare album må dei faktisk koma med.

Maria Horvei

Volum II og III av Violeta Violeta kjem i november 2011 og 2012.