Tar med dronar på turné

Muse vil bruke dronar til å filme konsertane under den kommande turneen. Feire band har eksperimentert med dronar før – med veldig varierande hell.

Gjengen i det alternative rockebandet Muse er glade i å vere nyskapande på konsertfronten. No er dei i full gang med å legge nye planar for albumslippet den 8. juni og den kommande verdsturneen.

Vil ha dei mest spektakulære bileta

Musefans kunne stå trygt under Hovefestivalen i 2010. (Foto: Kim Erlandsen/NRKP3).
Muse-fans kunne stå trygt under Hovefestivalen i 2010. (Foto: Kim Erlandsen/NRKP3).

– Vi liker å bruke det siste av moderne teknologi under konsertane våre. Dei siste videoskjermane, lysshow, laserar, alt mogleg som finst der ute, seier Matthew Bellamy frå Muse til nettstaden Gigwise.

Dronar kan fange spektakulære bilete frå konsertar som er vanskelege eller umoglege å skaffe på andre måtar. No fortel vokalisten til nettstaden at dronar truleg blir brukt under dei komande konsertane, både som tema og bokstavleg talt.

– Dronar er sjølvsagt svært interessant å få med i eit liveshow – så det må vi prøve å få til no, fortel han.

Forsiktig med dronebruk

NRK lagar sjølv mange store produksjonar der det i tillegg til den tradisjonelle filminga blir brukt dronar. Men under store konsertar med publikum, som til dømes Melodi Grand Prix-finalen og VG-lista Topp 20, blir det ikkje brukt dronar. Grunnen til det er enkel og grei. NRK har som hovudregel å ikkje flyge dronar over folk.

Det er heilt klart ein sikkerheitsrisiko når ein skal sleppe dei laus over store folkemengder, med liten eller ingen rom for ein eventuell krasj.

Dronar kan tydelegvis også vere forstyrrande for artistane som speler. Det kan bassisten i punkbandet Trash Talk skrive under på. Under ein konsert fekk han nok av dei svevande forstyrringane og gjekk til angrep med ølflasker. Du ser korleis det gjekk i videoen under.

(Artikkelen held fram under videoen)

Kontrollert dronesuksess

Andre band har tidlegare brukt dronar med stor suksess. OK Go er kjend for å vere kreative når dei lagar musikkvideoar. Dei var også tidleg ute med å kaste seg på droneteknologien og alle moglegheitene det gir.

Dei reiste til Japan for å spele inn dette dronemeisterverket som vart sluppen i haust. Ein kul video som så langt har blitt sett over 20 millionar gonger på YouTube.

– Den dronen fauk heile 700 meter opp i lufta for ta dei spektakulære bileta. Det er heilt ulovleg her (i USA red. anm.), seier bandet til The Washington Post.