Videopremiere: Pow Pow

Har du høyrd litt på P3 i 2014, har du nok høyrd mykje på denne låta.

Oslo-bandets låt Alpha Waves har vore ein hyppig gjengangar på spelelistene til NRK P3 i 2014. No har bandet fått på plass ein splitter ny video til låta.

I tillegg gir bandet ut vinylutgåva av det sjølvtitulerte tredjealbumet sitt i ei ny utgåve med nytt cover.

Fekk som fortent

Det er Mats Christian Rude Halvorsen som har regissert videoen. Det seier dei fem karane i bandet at dei er svært godt nøgde med.

– Vi var alle einige om at Alpha Waves fortente ein offisiell musikkvideo, seier Thomas Aslaksen, som er trommeslagar i Pow Pow.

– Han fikk full kunstnarisk fridom og vi er superhappy med resultatet, fortsetter Aslaksen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Pow Pow. Bak frå venstre: Even Ormestad og Sigurd Thomassen. Fremst frå venstre: Andreas Rutlin, Thomas Aslaksen og Per Magnus Gundersen. (Foto: Lars Erlend Tubaas Øymo)
Pow Pow. Bak frå venstre: Even Ormestad og Sigurd Thomassen. Fremst frå venstre: Andreas Rutlin, Thomas Aslaksen og Per Magnus Gundersen. (Foto: Lars Erlend Tubaas Øymo)

Spanande uttrykk

Regissøren sjølv syntest det var ei spanande oppgåve å lage videoen til låta, og var ikkje i tvil då han blei spurt om å ta på seg jobben.

– Det var veldig inspirerande å få lov til å jobbe med ei poplåt som Alpha Waves. Den er veldig leiken og gir mykje assosiativ glede, sjølv om eg syns at låta også har ei mørkare side, seier Mats Christian Rude Halvorsen.

Det som gjer Pow Pow til eit veldig spanande band er nettopp at dei har et så variert uttrykk. Og eg synes Alpha Waves er eit godt døme på dette. Det er ei låt som er veldig mykje, og som har eit vidt spenn.

Regissøren fekk med seg fotografen Lars Erlend Tubaas Øymo og skodespelar Kristine Thorp. Saman har dei tolka og utforska det vide spennet i låta.