Videorama!

Bon Iver på Island, Lana Del Rey i Hollywood og The Decemberists i eit dystopisk helvete. Her er eit knippe av den siste tidas beste nye musikkvideoar.

Kva får ein om ein legg saman mektige islandske landskap, ein ung, søkande gut og vakker, glassklar musikk? «Ein Sigur Rós-video», vil kanskje nokon svara – og det kan sjølvsagt vera heilt rett. Men førre veke kom den Nabil Elderkin-regisserte musikkvideoen til Bon Ivers «Holocene», og akkurat no er den det riktige svaret.

(Via Antiquiet)

Nokre sanningar dør ein langsamare død enn andre – til dømes den om at alt vert vakrare sett gjennom kornete film. Lana Del Rey har skjønt greia med videoen til “Video Games” – ein fabelaktig seig sommarlåt, med heilt riktig Nancy Sinatra-vibb.

(Via SKoA)

Frå byen mellom dei sju fjell vert det meldt om at Tromsø-artisten Burning God Little er nyaste tilskudd til Nabovarsel-familien, med EP ute på deira plateselskap i september. Sjå videoen til låta «Tusen Bita» her:

Tori Amos er snart ute med nytt album, med tittelen Night of Hunters, og i oktober kjem ho til Oslo. Videoen til låta «Carry» er ute no, og minnar kanskje ein anelse for mykje 0m ein parodi på ein Tori Amos-video. Ikkje akkurat oppkvikkande, men det er jo trass alt…Tori Amos.

(Via Antiquiet)

Dei britiske øyer sakkar ikkje akterut i produksjonen av friske indieband med høgthengande gitarar og stilige frisyrar. Faren er alltid at ein endar opp med eit nytt The Wombats, men ikkje la pessimismen ta overhand for tidleg. Nordirske General Fiasco si debutplate kom i fjor, og dei følgjer seinare i haust opp med ein ny EP. Videoen til den noko trist titulerte «The Age That You Start Loosing Friends» ser du under.

(Via SKoA)

Har du lest David Foster Wallace si novelle Infinite Jest? Det har The Decemberists-frontmann Colin Meloy, og ikkje minst: Det har regissør Michael Schur. Faktisk er den mildt pessismistike skildringa av eit framtidas USA sistnevntes favorittbok, og den soleklare inspirasjonen til musikkvideoen til The Decemberists’ «Calamity Song».

(Via NPR)

Bad Meets Evil møter Bruno Mars, no også i videoformat. Dei har sjølvsagt sitt å stri med (Royca Da 5’9″ sitt i fengsel, Eminem har ikkje rydda rommet på ei stund), men det sluttar bra med masseoppslepp av lanterner. Lanterns, lighters, ikkje sant.

(Via Billboard)

Ok, så ingen ny musikk. Men det er ein video. Med OK Go. Og The Muppets. Og veldig mange kryssreferansar.

(Via Soundvenue)