Ny innsamlingsrekord – igjen!

P3aksjonen 2017: – Verdas beste lyttarar slår til igjen!

6.265.569,-

?TUSEN TAKK, ALLE SAMAN?

Ein skulle nesten ikkje trudd det var mogleg, men jo – nok ein gong har P3-følgjarane vist seg frå si mest gåvmilde side. I fjor viste teljaren at me hadde klart å samle inn utrulege 5.575.831,-. I år viser den 6.265.569,- noko som betyr at me har slått fjorårets rekord med nesten 700.000.

– Verdas beste lyttarar slår til igjen!, seier ein tydeleg rørt programleiargjeng i studio når sendinga endeleg er over.

Tårer, svette, skjegg-hår, kjønnshår, dreads-hår… Høgdepunkta har vore mange gjennom den 100 timar lange sendinga. Og når det endeleg skal avsluttast er det mange følelsar i sving i studio.

– For eit eventyr, tusen, tusen, tusen hjarteleg takk alle saman!❤️

Pengane frå årets aksjon går til Unicef og born ramma av krig. Unicef skal nærare bestemt bruke pengane til å gi born i krigsherja land moglegheit til å gå på skule.

Gjennom aksjonen har gjesteprogramleiarane Arif, Ulrikke Falch, Sondre Justad og Maria Stavang (Piateed) også pusha grensene sine for å hjelpe ungar som er ramma av krig.

Arif, Ulrikke Falch, Sondre Justad og Maria Stavang/Piateed var årets gjesteprogramleiarar (FOTO: Tom Øverlie og Mattis Folkestad/NRK P3).

2017 = Hår-året???‍♂️

Under fjorårets P3aksjon fekk Tuva permanent, Ronny extensions, og Niklas munkesveis, i tillegg til å fjerne augebryna.

Ronny og Tuva reiste nyfriserte og flotte til Miami rett etter P3aksjonen 2016. Foto: Rashid Akrim, NRK P3.
Ronny og Tuva reiste nyfriserte og flotte til Miami rett etter P3aksjonen 2016. Foto: Rashid Akrim, NRK P3.

Ingen hadde vel trudd me kunne overgå det. Aller minst Tuva, som framleis har permanentkrøller i håret frå i fjor. Der tok Tuva (og alle andre som trudde det) feil. ?

På tampen av aksjonen fekk nemleg Tuva og Ronny endra stilen drastisk. Men eg vil våge å påstå at dei kler det ganske så «goth».

https://www.youtube.com/watch?v=5GjkomAFymQ

Me må heller ikkje, for alt i verda, gløyme at Tuva også fekk skjegg denne aksjonen. Skjegget til Ronny vart barbert av, deretter fekk hans kjære skjegghåret limt på i fjeset. Nydeleg. ?
https://www.youtube.com/watch?v=V3ryfSiiN_Q&t=4s

Niklas sit igjen med få synlege spor etter årets aksjon – men eit ganske så hårlaust rumpehull. Årets nykommar, Vida Lill, er derimot den personen som ganske sit igjen med det største sporet: regnboge-dreads. ?

https://www.youtube.com/watch?v=DilicTzHVek

«Draw me like one of your french girls»

Den siste utfordringane programleiarane måtte bryne seg på var aktteikning. Det heile vart avgjort av publikum som stemte via SMS og Vipps, og det blei ingen ringare enn Niklas Baarli som måtte kaste kleda. Med eit kålhovud foran sine edlare delar blei augeblikket foreviga av dei andre programleiarane.

«Ikke lov å le»-lystgass edition

Sist, men ikkje minst: me må aldri gløyme denne lystgass-videoen. Aldri.
https://www.youtube.com/watch?v=2gPGdZjflGw

Takk for i år! Me avsluttar med ein tommel opp for innsatsen frå Matoma. ?

Matoma er supernøgd etter å ha spelt eit episk DJ-sett på P3aksjonen. Etter konserten kunne han avsløre at han skulle heim og nyte fiskeboller i kvit saus til laurdagsmiddag. (FOTO: Tom Øverlie/NRK P3).