P3 tek ikkje påskeferie!

Christer og Janne lovar påskekrim og premiedryss på P3 i ferien.

Enten du er på fjellet eller i byen, har ferie eller jobbar, kan P3 tilby påskestemning i ferien. Og tradisjonen tru blir det også i år påskekrim kvar dag, der målet ikkje er å avsløre mordaren, men offeret.

– Christer seier «never change a winning team», så me held fram med Norges kortaste og kanskje teitaste påskekrim, kor poenget ikkje er å finne ut kven som er mordaren, men kven som er offeret. Me har gjort eit stort innhogg i kjendisverda i år også, seier Janne Helen.

Premien for å finne fram til riktig offer er ein premiepakke fylt med termokopp, hanskar, t-skjorte og refleks, berre for å nevne noko.

Er du ikkje så glad i krim blir det også andre moglegheitar til å sikre seg P3-stæsj:

– Me har testa ut konseptet «Janne plystrer en P3-låt etter å ha spist mariekjeks» tidlegare, og det funka såpass bra at me vil dra det med inn i påsken også! Og sjølvsagt med premiar til den som klarar å finne fram til rett låt. Med andre ord skal det delast ut ein del P3-stæsj i løpet av dei gule dagane, seier Christer.

Fun fact: Janne kunne plystre allereie då ho var seks månader gammal! Altså før ho kunne gå.

Janne Helen Juliussen er klar for å underholde deg på P3 i påsken! Kanskje til og med plystre litt? (Foto: Lars H. Andersen).
Janne Helen Juliussen er klar for å underholde deg på P3 i påsken! Kanskje til og med plystre litt? (Foto: Lars H. Andersen).

– I tillegg til premiedryss, blir det sjølvsagt også god afterskistemning i form av påskerapportar og musikk bestemt av lyttarane. Me ønsker oss stemningsrapportar frå alle fjell og dalar, men også frå deg som feirar bypåske. Og vi spiller sjølvsagt lytteranes påskelåtar. Dei kan kan sendast på SMS, med kodeord P3 til 1987!

Sist, men ikkje minst, blir det også sjefslister! Lag di eiga liste HER.

Sendeplanen for påsken:


Torsdag: 15-19
Fredag: 15-19
Lørdag: 16-20
Søndag: 14-22
Mandag: 15-19