Ronny Brede Aase

Epost: ronny.brede.aase@nrk.no

Hjemmeside: http://p3.no/p3morgen/

Twitter: @ronnyponny

Siste artikler skrevet av Ronny Brede Aase

Status på kontoret

Av , 16. november 2009. Postet i p3morgen

Det er mandag, og eg er overtrøytt på kontoret. Difor bloggar eg.

Eg fann P3Morgen sitt smått ubrukelege kamera her i stad. Eg knipsa nokre fotos på kontoret, og då eg såg på dei etterpå, oppdaga eg at Yngve liknar mistenkjeleg på eit teikneseriedyr. Sjå fotomontasje:

Yngve og Esel (Foto: Ronny Brede Aase/Universal)

Sjølv om dette er slåande likt, trur eg kanskje der er ein hest frå ein teiknefilm Yngve liknar endå meir på. Men eg kjem ikkje på kva for ein. Tips vert motteke med takk i kommentarfeltet.

Her er eit bilete av Live. Ho “dansar”, og lærar seg koreografi til den nye favorittlåta si.

Live Nelvik dansar

Kva er så favorittlåta til Live, spør du kanskje?

Den er her:

Eg hadde òg planar om å blogge eit bilete av alle brusflaskene på pulten min, og av produsent Pernille.

Men det droppa eg, altså.

Bilete av hyggjeleg besøk

Av , 13. november 2009. Postet i p3morgen

Fem nye kvardagar er unnagjort. Fredag ettermiddagen er her. For å feire bloggar vi bilete av nokre gjestar som har vore innom.

Finansminister Sigbjørn Johnsen var innom i dag. For ein triveleg type! Han ga oss massevis av tips, og forklarte korleis ting står til. Han kunne òg røpe at han privat brukar alt for mykje pengar på ski.

Sigbjørn Johnsen

Og det er ikkje berre Sigbjørn, eller Ziggy, som folk ofte kallar han, vi har bilete av…

Les mer

Få deg ny vekkerklokke!

Av , 6. november 2009. Postet i p3morgen
Time to decision (Foto: flickr.com/ar88, tilgjengelig under CC BY 2.0 lisens)

Time to decision (Foto: flickr.com/ar88, tilgjengelig under CC BY 2.0 lisens)

Alle gjestane vi får på besøk i P3morgen, serverar ei lita vekkemelding til deg som lyttar. Desse meldingane legg vi ut på bloggen vår, sånn at du kan fråtse, og laste dei ned.

Les mer

Robert Clarkson bur på New Zealand. Og så likar han sjørøvarar, og dermed òg sjørøvarskip. For to år sidan fekk han lyst til å byggje om huset sitt til eit sjørøvarskip, men dama var ikkje like keen. Så då oppretta han Facebookgruppa “If 1m people join, girlfriend will let me turn our house into a pirate ship”. I helga bikka gruppa ein million medlemmar.

Les mer

Yngvar Svarstad på facebook. Illustrasjonsfoto: Facebook.com

Yngvar Svarstad på facebook. Illustrasjonsfoto: Facebook.com

I dag var Jon Niklas Rønning på vitjing i P3Morgen-studio. Han har gjeve ut bok om Facebookgenerasjonen. Ein slags hyllest av 90-talet, og folka som gjerne vil bli “noko innan media”. Vi nytta høvet til å snike på Facebookprofilen til Jon Niklas. Eller, han kallar seg Yngvar på Facebook. Yngvar Svarstad. Og fram til i dag hadde han 9 vennar.

Les mer