Ronny, Kristine og Yngve tek sommarferie, og Yngve nytta høvet til å skrive ein triveleg sommarsong.
Her er den. På video!
Artikler med emneordet ‘sang’
Direkte, under P3 JuleSessions frå Sentrum Scene, måtte Live synge. Framføre vel 1000 publikummarar og radiolyttarar landet rundt. Her kan du sjå det omatt:
Meir frå P3 JuleSessions kan du sjå her!
Les merDå Hanne Krogh vitja P3morgen tysdag morgon, kunne ho fortelje at ho har fått seg ei ny julefavorittlåt.
- De spelte den då eg var på veg hit, og det gjorde heile dagen min. Maria Mena sin Home for Christmas. Den er så nydeleg. Ho er nydeleg. Og så håpar eg denne låta befestar hennar posisjon som ein fabelaktig låtskrivar og sanger, sa ho.
- Det er akkurat som om den sangen brettar opp brystkassa mi og går rett inn i sjela. Eg får ro av å høyre den.
Apropos sang:
P3morgen inviterte Hanne med på vår vesle omskriving av “Deilig er jorden”. Høyr den her:
Audio clip: Adobe Flash Player (version 9 or above) is required to play this audio clip. Download the latest version here. You also need to have JavaScript enabled in your browser.
Hanne prata òg om det å bli identifisert med Sonja frå Reisen til Julestjernen, 34 år seinare, noko ho tykkjer berre er stas.
Vil du høyre meir om det, og korleis filmteamet måtte reise landet rundt for å finne snø, og om at Hanne eigentleg hadde gitt opp artistlivet då ho fekk tilbod om Sonja-rolla? Sjekk ut podkasten av dagens sending. Den finn du i iTunes, som RSS-feed og her:
Audio clip: Adobe Flash Player (version 9 or above) is required to play this audio clip. Download the latest version here. You also need to have JavaScript enabled in your browser.
Les merI dag var Odd Nordstoga på vitjing i P3morgen.
Det var skikkeleg triveleg. Han song og spelte, og så tok han med sine tre favoritting. Alt det kan du sjå på video her:
Marion Ravn var gjesteprogramleiar i dag. Vi nytta høvet til å gjere ein slags audition i X-factorstil. Ho er jo dommer der. Sjå video her:
BONUS på tampen. Live og Marion dansar til Rihanna.
Les mer

