"Helvete heller! Ikkje la noko hindre deg"

484
Skrevet av:
Publisert 15:10 11 June, 2011


Pyro har fått en eksklusiv rapport fra Judas Priest-konserten på Sweden Rock, og formen er sjokkerende bra på Rob & gjengen før konsertene i Norge.

Pyro-kamerat og nynorskforkjemper Tarjei Heggernes er i Sverige i helgen for å sexe seg opp med deilig rock og metal på Sweden Rock Festival. Her en natt tekstet Tarjei oss i ekstase over hvor bra Priest låt før de kommer til Oslo og Bergen neste uke, så vi ba ham skrive noen ord til Pyro-bloggen. Og joda, her kommer en hyllest til Judas Priest fra Tarjei:

Judas Priest legg i desse dagar ut på sin siste verdsturne (påstår dei iallefall). Og eg kan seie det så sterkt: Likar du metal MÅ du få dette med deg når dei besøker Noreg neste veke. Helvete heller, likar du rock, likar du musikk, har du puls må du ikkje la noko hindre deg i få med deg konserten!

Eg skal inrømme at eg er over gjennomsnittet Priest-fan. Saman med Black Sabbath og Clutch er dette mitt favorittband, eg kler meg opp som Rob Halford ein gang i året på Den Store Heavy Metal Festen på Hulen, og ha hatt mange gode konsertopplevingar med bandet, der den første konserten på Rockefeller under Painkiller-turneen står som ein av dei beste konsertane eg har sett nokonsinne. Men den opplevinga var faktisk toppa på torsdags kveld i Norje i Sverige.

Frå første riffet på Rapid Fire og heilt fram til siste allsang på You’ve Got Another Thing Coming hadde eg gåsehud, ståpels og klump i halsen. Frå gamle klassikarar som Starbreaker og Victim of Changes, ein fantasisk vakker Beyond the Realms of Death, monsteret The Sentinel til nyare stoff som Propechy låt bandet bedre enn eg har høyrd dei nokonsinne. Eg sakna KK Downing innimellom, men han nye (Richie Faulkner) gjorde eit svært god figur, og har nok tilført bandet ein god dose ungdomleg energi.

Men den store stjerna er jo Rob Halford. Han har ein av dei største stemmene innan metal, han har ein av dei største stemmene i verda uansett sjanger! Den har jo vore bra når eg har sett Priest dei siste håra, men han har verka litt sliten nokon gonger, og han har av og til kjørt litt “safe” i forhold til dei mest krevande partia. Men no, herregud! Vi såg på kvarandre fleire gonger i løpet av alle låtane, nærmast i vantru, over kor bra det var, og spesielt kor lyst han kom og kor lenge han kunne halde signatur-hyla sine. Eg kunne skreve heile internett fult om kor bra Rob Halford er no, men det var så ufatteleg at den einaste måten å forstå det er å oppleve det sjølv.

Som ein bonus fekk eg dagen etter sitje på Harleyen Judas brukte på scena under Hell Bent For Leather. Min rumpe der Rob’s rumpe var. Sterkt.

Settliste

Tags: , , , ,

Del ""Helvete heller! Ikkje la noko hindre deg""