Sju tips for å takle sorga

Det finst ikkje éin riktig måte å sørgje eit tap på. Her er likevel nokre tips som kan gjere det lettare.

Det er krevjande å vere ungdom eller ung voksen i sorg. Mange trøystar seg med at dei unge nok klarar seg, så store som dei har blitt.

Dei kan forvente at du skal greie deg sjølv, medan du eigentleg treng hjelp og støtte for å takle sorga. Det kan samtidig vere vanskeleg å innrømme at du treng hjelp, ifølge psykolog ved Senter for krisepsykologi, Atle Dyregrov.

Snakk om det!

– Når unge opplever dødsfall kan dei kjenne på sterkare kjensler enn dei nokon gong har hatt tidlegare. Då er det viktig å dele kva ein kjenner med andre for å få bekrefta at det er normalt å ha det slik, seier Dyregrov.

Mental helse har ein døgnopen hjelpetelefon du kan ringe om du treng nokon å snakke med. Tlf: 116 123

Det finst ikkje éin riktig måte å sørgje på. Sorg er veldig forskjellig frå person til person. Nokre er triste lenge, medan andre ikkje er triste i det heile tatt. Nokre reagerer sterkt rett etter dødsfallet og lite seinare, medan det er heilt omvendt for andre. Likevel finst det gode råd som fungerer for dei fleste.

Sju tips for å takle sorg:

  1. Aksepter dine reaksjonar. Ikkje prøv å skyve vekk reaksjonane dine, men konfronter tankar og inntrykk slik at du får eit betre grep om det som skjedde.
  2. Sørg for å ha nokon å snakke med. Det er bra å dele tankar, inntrykk og følelsar med andre – sjølv om det kan vere vanskeleg. Dersom ingen tar kontakt med deg bør du ta kontakt sjølv.
  3. Ikkje berre sett ord på det som skjedde, men på dine indre opplevingar under og etter dødsfallet. Det kan hjelpe deg å «ordne» tankar og opplevingar.
  4. Forsøk å oppretthalde dine vanlege rutinar. Dersom du er i arbeid bør du ikkje vente så lenge med å komme tilbake i jobb igjen – men du må vere klar over at du kanskje ikkje kan jobbe som før den første tida.
  5. Om ein knekk ei arm veit ein at det kjem til å ta tid før den gror igjen. Slik er det også med dei indre såra du blir påført når nokon du er glad i døyr. Gje deg sjølv tid til å sørgje. Ikkje forsøk å flykte frå sorga gjennom ekstra arbeid eller annan hektisk aktivitet.
  6. Det kan vere god hjelp i å søke kontakt med ei sorggruppe. Om det finst slike grupper i nærleiken kan du møte andre i ein lignande situasjon som deg sjølv. Det kan samtidig vere godt å få fagleg hjelp gjennom samtalar med psykolog eller andre med god kjennskap til sorgreaksjonar.
  7. Dersom du var til stades då dødsfallet skjedde og plagast av minner, hørselsintrykk, har laga deg fantasiar som er blitt plagsomme, har skyldfølelsar eller slit med søvnmangel – finst det fleire gode metodar du kan prøve for å betre problemet.

Les meir og sjå videoar her!

Kilde: Senter for Krisepsykologi