Spansk flørt

My Little Pony er lista på 3 radiokanalar i Spania og har vunne indiepopens spanske pris for beste europeiske nykommar.

 – Det er litt spesielt, seier bandmedlem Ola Innset til Urørt. Han og resten av bandet My Little Pony er klare for å nyte fem dagar som prisvinnarar i Spania etter at plateselskapet Bon Vivant Records gav dei prisen for «Revelación Europeo 08» eller «Årets Europeiske Åpenbaring».

– Vi skjønar ikkje heilt kor dette bær hen, seier han. Men vi skal ha det gøy, drikke cava og ete tapas.

Spansk flørt

My Little Pony har eksistert i drygt eitt år, og 20. oktober kjem debutplata «Think too much». Tidlegare har dei gitt ut EP’n «Songs in A Major» og blitt Ukas Urørt med låta «MacGuyver Blues».

El Festival de Pop Art foregår i Caceres i Spania i september og Ola seier dei for tida er lista på 3 radiostasjonar i landet. På spørsmål om korleis han og resten av bandet har klart å vinne ein musikkpris i Spania seier han:

– Vi er svært aktive på MySpace, og har klart å skape kontaktar gjennom sida. I Spania er det utrulig mange indiepop-band, og mange reiser dit berre for å spele og ha det gøy.

I tillegg til pris, skal My Little Pony spele konsertar i Barcelona, Valencia, Madrid og sjølvsagt under prisutdelinga i Caceres  og lovar ein aldri så liten flørt med det spanske publikum:

– Vi har tenkt å framføre Spania sitt vinnarbidrag til Melodi Grand Prix frå 1968. Det er trass alt 40 år sidan Massiel vann det store melodifestivalen med låta «La, La, La», seier Ola Innset.

Sjekk ut splitter ny video

Gå inn på My Little Pony sin Urørtprofil for å laste ned musikken deira, og sjekk ut bloggen deira frå turen til Spania.

Her kan du ta ein titt på videoen til låta «Skipping Down the Street»: