– Utruleg gøy å vinne Årets Kortfilmpris

– Her har det ikkje vert opp til ein fagjury å bestemme, seier ein glad kortfilmprisvinnar Chris Erichsen. – Det har vert ope for alle å stemme, filmen har treft noko.

Eg ser deg Eg ser deg

– Her har det ikkje vert opp til ein fagjury å bestemme, seier ein glad kortfilmprisvinnar Chris Erichsen. – Alle har hatt mulegheit til å stemme, den har treft noko.

Chris Erichsen gjekk til topps med kortfilmen sin «Eg ser deg Eg ser deg» i Årets Korfilmkonkurranse. I filmen ser vi ei kvinne med niqab observere ein mann som famlande forsøker å ta på seg ei klesdrakt som «matchar» hennar.

Sjå filmen her:

Frå musikk til film

– Det er jo ein publikumspris og har vert tilgjengeleg for mange. Eg kjenner meg beæra og audmjuk, seier Chris.

Erichsen har tidlegare jobba mest med musikk. Som gitarist og låtskrivar i mellom anna, The Aller Værste, har han lenge gått rundt med ein liten kortfilmregissør inni seg.

– Dette med film har bobla i meg i fleire år. Eg har alltid tenkt visuelt og har hatt mange idéar til kortfilmar. Så fekk eg mulegheit til å ta permisjon frå jobben og då fekk eg endeleg tid.

Kortfilmen «Eg ser deg Eg ser deg» er ein av fire kortfilmar som igjen er ein del av eit større kunstprosjekt. I tillegg til filmen stiller Chris ut bilder og har eit live show.Du kan få med deg utstillinga «Eg ser deg Eg ser deg» ut denne veka på Galleri Sound of Mu i Oslo.

Vanskeleg å forstå kvarandre

«Eg ser deg Eg ser deg» har eit veldig tydeleg bodskap, forklarar han. Mannen i filmen prøver å forstå den tildekte kvinna. Dette er noko alle kan kjenne seg igjen i, og treng ikkje vere på grunn av kulturelle ulikheiter.

– Dei fleste som bur ilag med noko veit at sjølv om ein snakkar same språk så kan det vere vanskeleg å forstå kvarandre.

Mange vil kanskje seie at det er typisk at ein kunstfilm vinn ein kortfilmpris, kva tenker du om det?

Er det det då? svarar Chris. – Ytterst få klarar å lage gode kortfilmhistorier, det er vanskeleg å ha ein klar start-midt-slutt som loddar djupt nok, meiner han. Difor velte han heller å fokusere på ein bestemt ting.

– Sjølv ville eg ta tak i ein situajson og vise den fram, avsluttar han.

Det skulle viser seg å vere lurt. Premien Chris får er på 10 000 kroner. Noko av det skal gå til å betale tilbake alle som har hjelpt Chris Erichsen med å få «Eg ser deg Eg ser deg» prosjektet opp å gå.

Chris er også gjest hos Birger Vestmo i Filmpolitiet på P3 fredag kl 10.

Eg ser deg Eg ser deg