nrk.no
Coldplay - «Music of the Spheres»

­– Berre fordi ein kan, vil ikkje det seie at ein burde

Når låtane varierer i både kvalitet og uttrykk, er ikkje skyhøg produksjonsverdi nok til å redde Coldplay.

Nesten to år etter vi sist høyrde frå dei, er Coldplay klare med sitt niande album, «Music of the Spheres».

Bandet har for lengst gått vidare frå den trygge alternativrocken som tok dei til topps, og har brukt det siste tiåret på skamlaus flørting med både EDM, r&b, den diffuse sjangeren «world music» og det som måtte vere. Med varierande hell.

Når samtlege album likevel toppar britiske albumlister, og utselde stadionturnéar vert daglegdags, er det berre ein ting å gjere: lage det grandiose, visjonære konseptalbumet som verkeleg viser kva briljante musikarar dei er. Deira magnum opus.

Hitgarantist på laget

Coldplay har rekruttert stjerneprodusent og hitgarantist Max Martin til å styre skuta. Svensken er den i historia med flest singlar på toppen av Billboard-lista, og med suksessen samarbeidet har hatt med singlane «My Universe» og «Higher Power» i forkant av albumsleppet, er det fort gjort å tru at dette skal vere ein hitparade utan like.

Vel, ikkje heilt. Det er absolutt nokre hitforsøk der, men albumet siktar høgare. På «Music of the Spheres» har frontmann Chris Martin dikta opp eit parallelt solsystem, der kvar låt representerer ein planet og folket som bur der.

Ein absolutt interessant idé, og Max Martin sørgar for at produksjonsverdien er skyhøg. Albumet let i grunn vanvittig bra.

Men.

Det er lett å la seg lure. All fascinasjon ein kanskje skulle kjenne ved dei første gjennomlyttingane, er kortvarig. Det vert ganske fort tydeleg at «Music of the Spheres» sin største styrke at det er uvand å høyre Coldplay slik. Ikkje at låtane isolert sett er særleg interessante eller komplimenterer kvarandre.

ARENAPOP: Med Max Martin på laget, forsøker Coldplay seg på storslått arenapop. Her under ein konsert i Polen i 2012 . Foto: AP Photo/Alik Keplicz.

«I’m just waiting ‘til the shine wears off», song Chris Martin sjølv på låten «Lost!» i 2008, og i dette tilfellet treng ein ikkje vente særleg lenge.

For her er det mykje sminke og stas, men når mykje av låtmaterialet i utgangspunktet ikkje er godt nok, hjelper det ikkje same kor mykje ein pussar og polerer det. Albumet har sine enkeltspor, men i det store og det heile vert det sprikande og retningslaust.

Liten samanheng

Eit solid konsept kan i mange tilfelle gjere opp for at innhaldet sprikar, men det fordrar at det er godt gjennomført. Når det ikkje kjem tydelegare fram enn på «Music of the Spheres», kjenst det mest som ei dårleg unnskulding for å kombinere låtar som ikkje passar saman.

Kanskje er idéen om planetar og låter tydeleg nok i Chris Martin sitt hovud, men i praksis vert samanhengen i beste fall påtvungen. Tematikken albumet er bygd rundt, er nær fråverande, og avstanden mellom topp og botn er massiv, både når det gjeld kvalitet og uttrykk.

Kontrasten vert til dømes stor mellom den episke og progressive singelen «Coloratura», som er det næraste Coldplay nokon gong kjem Pink Floyd anno 1973, og naive «Biutyful», med si på grensa til irriterande pipestemme.

Medan førstnemnde viser bandet frå si aller beste side, som ei ambisiøs og skapande eining, vert «Biutyful» sjølve kroneksempelet på at albumet er dominert av overfladiske tekstar om at det er bra å vere snill, og dumt å vere slem.

Blant dei svake spora finn ein også Selena Gomez-samarbeidet «Let Somebody Go». Coldplay kan vise til nok av eksempel på at dei verkeleg meistrar ballader, men denne duetten kan få ein til å tvile. Makan til generisk og lettgløymt låt.

BOMTUR: På «Music of the Spheres», når ikkje Coldplay høgdene det siktar mot. Her frå ein konsert i Las Vegas i 2015. Foto: Ethan Miller/Getty Images for iHeartMedia/AFP.

Vidare forsøker bandet seg på ein fullstendig tannlaus imitasjon av Muse på «People of the Pride», i tillegg til eit heilt instrumentalspor basert rundt den universelle idrettshymnen «Olé olé olé». Det skal ikkje stå på idéar, sjølv om dei ikkje alltid er like godt gjennomført.

Plata lovar mykje den ikkje kan halde, men Max Martin er uansett svært god på enkeltlåtar. Saman med «Humankind», er det derfor dei tre singlane som til sist reddar «Music of the Spheres». Det er noko, men har ein allereie høyrt singlane i hel, er det svært låg avkastning.

Skal ha for forsøket

Sjølv om sluttproduktet er høgst variert, skal Coldplay ha for at dei vel å gå i denne retninga og forsøke seg på noko konseptuelt og heilskapleg. Dei kunne spelt det safe, men viser ei vilje til å framleis ville utforske nye retningar. I tillegg har store delar av albumet ein definitiv arenafaktor, og mykje av materialet kan fungere langt betre live.

Likevel: Berre fordi ein kan, vil ikkje det seie at ein burde, og som album og enkeltlåtar vert det for lite å hente. Coldplay kan langt betre enn dette.

Når all pynten som omgir «Music of the Spheres» er skrella bort, sit ein eigentleg berre att med ein handfull heilt ålreite låtar.

LES FLEIRE OMTALAR:

Siste fra P3.no: