Bertine dumpa Steinjo pga speedo badebukse

5
Skrevet av:
Publisert 18:04 22 desember, 2010

Steinjo, Bertine og Erlend

Bertine Zetlitz og Steinjo var kjærestar tidleg på 90-talet. Men Steinjo har alltid lurt på korfor Bertine gjorde det slutt med han. Då ho var på besøk i Bestevenn med Erlend og Steinjo, kunne Bertine avsløre at det var den trange, røde speedo-badebuksa til Steinjo som sette spikaren i kista for forholdet.

Les: Bestevenn tilbake i romjula med Andrea från Stockholm som romjulsgjest

Dette kom som eit sjokk på Steinjo som aldri har tenkt over at det var badetøyet som skulle ødelegge kjærleiken. Dei to var saman i omlag 2 månader då dei var 13 år og sjølv om Bertine blei mektig imponert over Michael Jacksondansinga hans, var det eit flott, langt skjerf som Steinjo kasta så nonchalant kring halsen, som verkeleg gjorde at ho fall pladask for han.

Høyr Bertine Zetlitz fortelje heile historia her:
Bertine del 1

The magic is gone

Bertine og Steinjo hadde ikkje sett kvarandre på fleire veker før dei plutseleg trefte kvarandre igjen på badestranda. Steinjo med mamman og pappan sin og Bertine med ei venninde. Då Bertine fekk auge på den trange, røde speedo-badebuksa (som må ha sett omtrent slik ut) tok det ikkje lang tid før ho sendte venninda avgarde med ein lapp til Steinjo der det stod: The magic is gone.

Bertine fortel at Steinjo lenge låg stille på badehandduken sin, men at han plutseleg gjekk bestemt ned til strandkanten og kasta seg ut i vatnet. Han tok nokre veldige butterfly-tak, og i eit par sekund lurte Bertine på om det verkeleg var riktig å slå opp med denne sterke svømmaren.

Høyr Bertine Zetlitz fortelje om Butterfly-svømminga til Steinjo:
Bertine del 2

Hello Carousel

Heldigvis tok Bertine og Steinjo opp kontakten igjen nokre år seinare. Då hadde Erlend og Steinjo laga fleire musikkvideoar til tv-programmet Slå på Ring, og Bertine likte særleg godt “Hello Carousel”. Difor lagde dei ein versjon med Bertine på vokal:

Her er eit bilde dei tok under musikkvideoinnspelinga:

Steinjo, Bertine og Erlend på innspelinga til Hello Carousel

Steinjo, Bertine og Erlend på innspelinga til Hello Carousel

Tags: , , , , , , , ,

Del "Bertine dumpa Steinjo pga speedo badebukse"