Jurassic Park 4 har vore i produksjon lenge. Lenge! Filmen oppstod først som ein idé i 2002, og har starta om att og om att sidan den gongen. No har ny informasjon frå 2005-versjonen av prosjektet dukka opp.

John Sayles, kanskje best kjend for westernfilmen Lone Star, hadde på denne tida skrive eit manus der genmodifiserte skapningar var sentrale.

Trening av dinosaursoldater

Vidareutviklinga av DNA-tuklinga i dei første filmane endte i ei blanding av menneske, hundar og dinosaurar som hadde tommelarmer, høgare intelligens og framovervendte auger.

Manuset, som lakk på nettet alt i 2007, omhandla ei FN-spesialstyrke som arbeider med å bekjempe dinosaurane som Hammond skapte i dei første filmane. Ukjent for han har det onde Grendel Corporation laga alternative dinosaurar som kan trenast som soldatar. Hovudpersonen, hittil ukjende Nick Griffin, får i oppgåve å trene desse.

Så treff den metaforiske skiten den minst like metaforiske vifta.

Graving i fanforum

No viser det seg at prosessen kom mykje lengre på dette manuset enn tidlegare anteke.

Konseptkunst har dukka opp via nettstaden Reddit og diverse fanforum som tyder på at bakomproduksjonen hadde komt så langt som fysiske modeller av desse genmonstera.

Ifølgje den veldig spesifikke fan-nettstaden jurassicparkIV.org har kunstnaren Carlos Huentas sagt at arbeidet dei gjorde ikkje akkurat vart teken i mot med opne armar.

— Så snart sjefane i Amblin (Journ.anm.: Spielbergs produksjonsselskap) såg teikningane, avbraut dei prosjektet nesten augneblinkeleg.

Trykk deg inn på bileta i botnen av saka, og nyt byttingane i all sin prakt!

Men eit spennande konsept?

Sjølv må eg seie at ideen eigentleg høyrest ganske interessant ut, men ikkje som ein Jurassic Park-film. Faktisk minner det meg mest om plottet til Far Cry-filmen.

Men eg er usikker på om det hadde blitt ein film eg hadde elska, eller berre ein film eg hadde elska å hate.

2014-versjonen av Jurassic Park 4 skal etter rapportar bli styrt av Captain America-regissør Joe Johnston frå eit manus av Rise of the planet of the apes-forfattarane. Steven Spielberg tek produsentrolla denne gongen òg. Lovande!

Kva trur du om den forlatte Jurassic Park-oppfølgjaren? Legg att di meining i kommentarfeltet.