Nina sitter foran på bilen sin, en eldre Mercedes, og smiler bredt til kamera. Hun har blondt bølgete hår, en tynn hvit genser og lyseblå olabukser. Det er sol og fint vær, og vi kan se grønn skog og fjell bak Nina. Rett bak henne ser vi flere andre kule biler, både store og små. Det står en gruppe med venner og prater i bakgrunnen.
INKLUDERANDE: I bilmiljøet er alle velkomne, meiner Nina. Bak ho står ein gjeng med bilinteresserte venner. Foto: Runar Lindseth, NRK P3
MENING:

– Eg har fått høyre at eg er harry og ei traktorlesbe

Nina Cathrin Vik Strand (22)Råner
Publisert 08.06.23 08:00 / Oppdatert 23.10.23 20:46

Nina (22) er fødd og oppvaksen i Stryn. Ho er dagleg leiar ved Stryn kiosk. Dette er hennar personlege meining.

Eg er ein stolt rånar. Eg køyrer ein Mercedes Benz frå 1984 og ein Ford Scorpio frå 1992.

Som rånar har eg fått mykje hat, både i sosiale media og der eg bur. Folk rista på hovudet og gir meg stygge blikk.

Eg har fått kommentarar om at eg er rar, ekkel, traktorlesbe, harry og berre ein jævla rånar. Og folk som påstår eg ikkje kan noko om bilar eller mekking, bare fordi eg er jente. Dei seier eg berre driv med bil for å få merksemd frå gutane.

Råneinteressa mi starta på ungdomsskulen. Som barn fekk eg pacemaker, noe som gjorde at eg verken kunne spele fotball eller noko anna sport som folk på min alder dreiv med.

Dei som dreiv med sport, var ofte ein samansveisa gjeng, og det var sårt å stå utanfor. Da var det fint å komme inn i eit miljø der eg kunne vere på lik linje med alle andre.

Mange tenkjer at råning berre er høg musikk, tung bass, stygge bilar, wunderbaum i vindauget og LED-lys i taket. Dei trur vi berre er ute etter å plage, og drit i lov og reglar. At vi alle er ein gjeng med ekle gutar som skal ha med seg yngre jenter heim.

Men slik har det aldri vore for meg.

Då NRK-serien «Rådebank» kom, møtte eg plutseleg på fleire som synest at råning verka kult. Serien løfta dei utfordringar rånarar har med kommunen, kampen mot politiet, urettferdigheita dei møtte på og kampen om å få tilhøyre ein plass.

Sjølv om vi i miljøet ikkje kjende oss igjen i alt i serien, likte eg den veldig godt. Mykje fordi eg følte nokon endeleg såg oss for dei vi er. Ein gjeng ungdommar som forsøker å finne sin plass i livet.

Men sjølv om serien blei så populær, meiner eg at det framleis finst mykje fordommar mot rånemiljøet.

Nei, råning er ikkje berre styla biler med bass som bråka. Eller bilar som forureina lufta ved å køyre unødvendig mykje fram og tilbake i gatene.

Vi er ikkje ute etter bråk. Som dei fleste ønsker vi berre å ha ein plass å høyre heime. Vi er som regel stille og lovlydige av oss.

Mesteparten av tida køyre vi rundt om kring, ikkje berre i sentrum. Vi tek oss langturar, fer heim til kvarandre og mekkar på bilane våre. Eller så står vi i ro på bensinstasjonar og pratar.

FELLES INTERESSAR: Nina og hennar bilinteresserte venner har mykje å prate om når nokon har bytta delar på bilen sin.

Eg veit at det er ein veldig kontroversiell hobby som har fått eit dårleg rykte på seg. Sjølv om det finst nokre rånarar som bryt lova, betyr ikkje det at vi alle gjer det.

Ville du dømt alle fotballspelarar utifrå handlingane til nokre kjipe spelarar?

Før eg vart ein del av rånemiljøet, hadde eg nesten ikkje venner, men då eg byrja å køyre, endra alt seg. I dag har eg ein gjeng som alltid stiller opp, dei bryr seg ikkje om bakgrunnen min eller om eg er populær nok. Ingen dømmer meg for kva eg likar og kva bil eg har.

Folk har lov til å mislike råning, men eg håpar at vi i større grad kan respektere forskjellane til kvarandre.

I staden for å stå på avstand og rista på hovudet, kom bort og slå av ein prat!

Kommentarer