Filmpolitiet anmelder: Skrekk og gru

Fire filmar er premiereklare denne helga. Sjekk ut filmpolitiets dom.

Ei god blanding skrekk, gru, animasjon, britisk overklassedrama og tysk venstreekstremisme på kino denne helga. Filmpoliti Birger Vestmo har vert i kinosalen å smugkikka, så han kan fortelje deg kva han syns:

The Strangers (4)

Liv Tyler og Scott Speedman blir utsett for heilt grusom terror når det plutseleg dukkar opp fleire maskerte mennesker på døra deira. Regissør Bryan Bertino tørr å halde igjen der det er fristande å pøse på med gørr og blod, noko som gjer at ein sit med ein ekkel og kvalm følelse gjennom heile filmen. Uæææh!

Kurt blir grusom (4)

Det blei visst ikkje så verst dette! Kurt blir grusom er basert på boka av Erlend Loe og gir både store og små ei god filmoppleving. Kurt er fornøgd gaffeltruckførar heilt til ein rik doktor flyttar inn i nabohuset og sjarmerar kona og ungane hans. Kurt kastar seg inn pengejakta men ingenting blir slik han hadde førestilt seg.

Gjensyn med Brideshead (4)

Er du anglofil er dette eit must for deg. Kjærleiksdrama og overklasse i britisk stil etter romanen med same namn, skriven av Evelyn Waugh. Studiekompisane Charles Ryder og Sebastian Flyte drar til Sebastians heim, det praktfulle Brideshead. Der møter Charles Julia og blir veldig betatt. Kjenslene er visst gjensidige, men byr på forviklingar når også Sebastian har eit godt auge til Charles. Samstundes voktar den strengt religiøse mora, Lady Marchmain (Emma Thompson) over alle tre.

Baader Meinhof (4)

«Der Untergang» skildra Hilters siste dagar og «De andres liv» gav oss innblikk i Statsi sine metodar. Denne filmen tek føre seg Røde Armées opprør mellom 1967-1977. Det er ei sterk og realistisk skildring av dramatisk tysk historie, men seier ikkje noko nytt om terrorisme.