VIDEO: Filmpolitiet anmelder Blodsbånd

Marius Holst har ikkje regissert spelefilm sidan 2001, då han gav oss dramaet ”Øyenstikker”. 6 år etter er han her med ”Blodsbånd”, eit intenst drama om det å leite etter ein far som har forsvunne.

Mirush (forresten også filmens utlandske tittel) er ein 15-åring som legg ut på leiting etter faren sin, og som difor endar opp i Noreg.

Frekk og frampå som han er, kjem han seg etter kvart innpå faren sin, men òg innpå den albanske mafiaen. Og dei leikar ikkje butikk, for å seie det slik. Dei leikar organisert kriminalitet.

Regissør Holst leikar heller ikkje butikk. ”Blodsbånd” rullar roleg i gang med eit forsiktig anslag i Kosovo, og tek steget vidare i kritisk retning i Noreg. Heile tida tett og intimt, med ei urovekkandes tone som underlag.

”Blodsbånd” er verkelegheitsnær på ein spent måte, det er som å sjå ein unge som stemmer den grovaste strengen på gitaren til den smell rett over fingrane på han.

Karakterane i ”Blodsbånd” er truverdige, og Nazif Muarrem, som spelar Mirush, er eit funn. Han er ganske enkelt så nærverande i rolla at det er vanskeleg å sjå for seg filmen utan han. Sist eg såg ein slik prestasjon, var i russiske ”Tilbake”, av Andrey Zvyagintsev.

Noko eg saknar i ”Blodsbånd”, er ei meir nyansert morsfigur. Eg har sett Mirjana Karanovich før, og eg veit at ho kan gje meir til ei rolle enn å berre være bleik og mållaus. Det blir yrkeslaust å sjå på.

Andre skodespelarar overbevisar også, og spesielt gjer Glenn Andrè Kaada og Ramadan Huseini sterke rollar i kvar sin ende av hyggelegheitsskalaen.

Eg har ikkje tenkt over det slik før, men kor stor er ikkje skilnaden mellom ein supertriveleg siddis og eit monstrøst bandemedlem med albansk aksent?

Musikken i ”Blodsbånd” er nydeleg. Eg er fullstendig ærleg med at eg er svak for musikk med balkansk preg, men eg veit at musikken i denne filmen byggjar godt opp under stemninga som skal formidlast. Komponist Franco Piersanti leverar beint fram gull for øyrane.

Det regissør Holst legg opp til med dette europeiske samarbeidet, lovar godt for norsk film. Det er forfriskande med litt andre ansikt enn dei same gamle norske og eit anna talemål.

Når filmen nærmar seg slutten, synest eg at tilfeldigheita kjem litt vel tett. Og det er eit tungt sukk å trekke når karakterar som eg trur på, går i vei og gjer tabbar som eg trudde alle visste ein skulle unngå.

Viss alle hadde unngått desse tabbane hadde kanskje ingen gjort nokon feil, men eg er sikker på at det finst mange alternative måtar å drite seg ut på.

”Blodsbånd” er alt i alt ei vellykka kinooppleving. Ta turen!

Om FILMEN

Blodsbånd
  • Blodsbånd
  • Slippdato: 02.03.2007
  • Regi: Marius Holst
  • Utgiver: 4 1/2 Film
  • Sjanger: Drama, Krim