«Kjærlighetens Slør» er eit nydeleg bidrag til filmhistoria.

«Kjærlighetens Slør» er overraskande direkte, det er ein film der mykje blir sagt rett ut, som i andre tilfelle blir sagt mellom linjene.

Filmen er rett på sak, og ein vitaminkur å sjå på. Rollefigurar og dialog som dette ser ein ikkje så ofte, og det er vanvittig forfriskande.

Verd å fortelje

Under fortekstane til «Kjærlighetens Slør» ser eg til min overrasking at filmen er produsert av hovudrolleinnehavarane Edward Norton og Naomi Watts, og eg får kjensla av at dette anten er ei historie dei ynskjer å fortelje fordi det er ei god historie, eller fordi det er propaganda for eit eller anna politisk standpunkt.

Eg oppdagar rett etterpå at det er fyrstnemnte som er drivkrafta.

Kjærleik og kolera

«Kjærlighetens Slør» er ein billedskjønn film om trøblet kjærleik i eit uromantisk miljø. Situasjonen er Kina på 1920-talet, der Edward

Norton arbeider som lege midt i ein koleraepidemi. Kona hans har vore utru, og som svar på tiltale tek han ho med seg inn i djupaste skogen til koleraens utbruddsplass.

Ingrediensane er altså nydelig natur og kolera – pent og stygt om kvarandre, og ein stillingskrig mellom dame og mann i jungelen.

Svart humor

Skodespelarane ser ut til å kose seg stort, og Naomi Watts har akkurat kome seg etter å ha vore i King Kongs lune famn. Informasjonen eg sit på, seier at Edward Norton jobba hardt for å få Naomi med, og det forstår eg.

Dei fungerar godt som framandgjort ektepar. Norton skyt inn mykje god svart humor som den blyge, mållause engelskmannklisjeens antimaterie, og Watts er glimrande som frustrert hustru-på-lasset.

Regissør med teft

Musikk, lokasjon, bilde: alt er eksemplarisk gjennomført. Regissør John Curran dveler behageleg lite ved uunngåelige ting; «Kjærlighetens Slør» får det overstått og kjem seg vidare.

Eg bryr meg ikkje så mykje om problema rollefigurane kjem ut for i seg sjølv, men meir om kva som skjer etter at problemet er løyst.

Og Currans skildring av mangfaldet i eit parforhold er i seg sjølv ei masteroppgåve i familierådgiving.

Den gode kjensla

«Kjærlighetens Slør» har vorte ei etterlengta historie om eit parforhold som tek til på feil grunnlag men som utviklar seg på rett grunnlag, og ein film du er glad for å ha sett når du går ut av salen.

Om FILMEN

Kjærlighetens Slør
  • Kjærlighetens Slør
  • Slippdato: 23.03.2007
  • Regi: John Curran
  • Utgiver: WIP
  • Sjanger: Drama, Romantikk