Når mine fordoms heltar i skjell returnerar til skjermen i animert utgåve, innfrir dei alle klisjeane som skal til for å få stempelet glatt, overflatisk produksjon.

Strategisk parallellansering

«TMNT», etter dette: «Turtles», er tenåringsskilpaddene som er trena i ninjakunsten, og som kjemper mot det onde i New York. I dette siste tilskotet til stammen blandast det inn 3000 år gamle Latinamerikanske legender og 13 demonar frå det ytre rom og fandens oldemor til bobla sprekk fullstendig.

Regissør Kevin Munroe har tidlegare regissert tv-spel, og han har teke med seg mange av tv-spelets element over til «Turtles». Framdrifta i filmen er lagt opp slik at den enklast mogleg kan bli overført til spel, og derfor kjem tv-spelet om «Turtles» til Xbox 360 samstundes med filmen.

Dubbing som svir i øyra

Munroe har dytta «Turtles» frykteleg full med oppbrukte skrotklisjear og laga ein desillusjonert superheltefilm. Skilpaddene kranglar seg i mellom og må byggjast som eit lag att.

Dei må gå vegen til dei finn att samhaldet, brorskapet og dei gode indre verdiane. Det er så tilgjort og kunstig at eg får lyst til å gå ut og dele ut sigarettar til tiåringar, som ein motreaksjon til alt moralpratet.

«Turtles» kan sjåast i to versjonar; ein originalversjon med engelsk tale og ein med norsk tale. Her må du åtvarast: den norske versjonen inneheld ubrukeleg austlandsk liksomgatespråk som framførast utan truverdigheit i det heile.

Vil du sjå filmen, sjå den amerikanske. Ein kuriositet i seg sjølv, er mannen med stemma til Splinter, den avdøde japanske skodespelaren Mako.

Ei misforståing

Den tekniske biten er det ikkje noko å seie på; Imagi Studios kan sine ting, og det er mykje knall å sjå på. Robotar, demonar, skilpadder, rotter, menneske: alt gjort i Toy Story-stilen. Og nå når Xbox, Wii og Playstation 3 er her, kan ein spele det i tilnærma den same grafikken.

For å konkludere, så er det ein filmfans tunge sukk når det går på filmens helse laus at den skal lanserast med eit tilhøyrande tv-spel. Det er ikkje nødvendigvis den same historieforteljinga i film som i tv-spel.

TV-spel i staden

Men det er unekteleg positivt at tv-spel nå om dagen tek den same retninga som film, altså at tv-spelet kan gje deg ei slags filmoppleving. Her ligg det nok ei framtid.

Men før vi har kome heilt dit, synast eg at produksjonsselskapa kan konsentrera seg om å lage bra film, for det her held ikkje heilt fram til mål. Eg er lei for det, Turtles, de var heltane mine ein gong, men det er mogleg eg har vokse i frå dykk no.

Som sagt, kan hende du skal bruke pengane dine på tv-spelet «TMNT» i staden for.

Om FILMEN

Teenage Mutant Ninja Turtles (2)
  • Teenage Mutant Ninja Turtles (2)
  • Slippdato: 30.03.2007
  • Regi: Kevin Munroe
  • Utgiver: Imagi Animation Studios
  • Sjanger: Animert, Barn