Når lyset sløkkast og kinosalslydane dempast, førebuar folk seg på filmen. Men du kan ikkje førebue deg på å gjenoppleve ei blanding av andres og dine eigne barndomsminnar før du sit der og ser dei i lag med karane i ”Farvel Falkenberg”.

Artig innbrot

For ”Farvel Falkenberg” er ein liten juvel frå Sør-Sverige. Den inneheld noko som ein sjeldan ser på film, nemlig tilliten til at situasjonar vi opplev i livet, er gode nok å sjå i seg sjølve.

Til eksempel den samtalen du hadde med mor di om kosthaldet ditt og den gongen du og den energiske kompisen din tok dykk inn i nokon sitt hus mens dei var på ferie.

”Farvel Falkenberg” er god for auga. Den vesle feriestaden kunne ikkje fått ei betre framstilling på film; regissør Ganslandt tek med seg kameraet ut i morgontåka, inn i skogen og let Falkenberg være seg sjølv.

Falkenberg er innpakkinga, eit trygt og fantastisk univers figurane i filmen har lyst til å bli verande i.

Destruktiv innsikt

Eg likar tanken på at situasjonane i ”Farvel Falkenberg” er noko eg ikkje har opplevd sjølv, samstundes som eg veit at eg har det.

Overgangen frå barn til vaksen kan ikkje merkast når ein sjølv spelar hovudrolla, ein må oppleva det gjennom andre.

Gjennom slike som David, filmens forteljarstemme og medium. Ein ung mann som kjenner betre på kva han føler enn gjennomsnittet og tek den tragiske konsekvensen av det.

Folka i ”Farvel Falkenberg” leverar nok i stor grad ei tolking av seg sjølve, og det er fint å sjå på. Dialogen er munnleg og levande, akkurat så usamanhengande og grammatisk ukorrekt som eg veit at ein vanleg samtale er.

Og dei er alle særeigne typar som kunne passa inn i vennegjengen min. Og din. Eg kjennar meg i det heile teke latterleg mykje att i ”Farvel Falkenberg”, det er ein film som gjeld meg og som eg har godt av å reflektere over.

Bading og rus

Det slår meg at ”Farvel Falkenberg” er ein slags sørsvensk, rotete, røyndomsnær versjon av ”Peter Pan” der Peter Pan og vennane hans som ikkje vil bli vaksne nakenbadar, rusar seg på fleinsopp og er redde for å skiljast frå kvarandre. Det er både til å le og gråte av.

”Farvel Falkenberg” er ei sterk anbefaling frå Filmpolitiet. Filmen skildrar den harde røynda som innhentar nokon av oss hardare enn andre, og eg hyllar den for si tru på alle dei pussige samtalane vi har med kvarandre og aktivitetar vi aldri sluttar med etter at vi vert vaksne.

Du veit det har vore ein fin kveld i kinosalen når du har kjent klumpen i halsen og har skratta høgt.

Om FILMEN

Farvel Falkenberg
  • Farvel Falkenberg
  • Slippdato: 17.04.2007
  • Regi: Jesper Ganslandt
  • Utgiver: Memfis Film
  • Sjanger: Drama