”Snikskytter” er ei slags 2000-tals Rambo-forteljing frå eit korrumpert USA skildra med blod, napalm og eksplosjonar.

Mark Wahlberg er tilbaketrekt marinesoldat med hund, semskevest og iskald Budweiser i den amerikanske fjellheimen. Men så kjem ein svart bil rullande inn på tunet.

Rasshol og patriotisme

I bilen sitt ein sjeldan hås Danny Glover og ein ubarbera Elias Koteas. Dei treng hjelp frå ein av verdas beste snikskyttarar til å stoppe ein av verdas beste snikskyttarar.

Dei store, stygge trolla i amerikansk innanriks,- og utanrikspolitikk vert teikna på veggen i ”Snikskytter”, og det er dyktig gjort.

Det er ein ”ein mann mot alle” – actionfilm om hemelege avdelingar som opererar på sida av CIA og FBI på direkte ordre frå senatorar som aldri i livet skulle hatt ein jobb som inneber noko ansvar.

Og regissør Antoine Fuqua gjer det utan å spy patriotisme over oss. I ”Snikskytter” er det rasshola som pratar høgast om patriotisme.

Ufrivillig komikk

Regissør Fuqua står bak den brutale ”Tears of the Sun” og den visuelt tøffe ”King Arthur”. Brutaliteten og utsjånaden er til stades i ”Snikskytter”, og noko av volden er realistisk og rå.

Ein sekvens oppe i fjella minnar nesten om slakting av selkvalpar; dei kvitkledde leiesoldatane blør utover snøen og fargane er sylkvasse.

Noko som skjemmar ”Snikskytter” visuelt, er saktefilmsekvensane. Dei vert komiske, og kunne vore lagt att ved idebordet. Heldigvis er det ikkje mange av dei.

Brann i leikestova

Musikken er klassisk actionfilmmusikk; mykje trommemarsj og stryk. Og det funkar. Eg vert suga inn i det, og gler meg til Bob Lee Swagger ladar neste kule for å lære korrupsjonen ei lekse.

Og han gjer det med ein fot på kvar side av moralen. DET diggar eg rått. Regjeringa har gjort han urett, og han gjev rimeleg faen om han tek att på det ”rette” viset. Som Bob seier det: ”I’m gonna burn their playhouse down”.

Testosteron og østrogen

Mark Wahlberg passar nokså godt i rolla som einsam ulv, og han leverar barske replikkar utan å bli teit. Men han er rimeleg stiv i maska.

Det er ikkje så mykje meir enn replikkane og bekymringsrynkene mellom auga å sjå på her. I det heile er ikkje ”Snikskytter” skodespelaranes film. Karane er harde og damene er rimeleg mjuke.

”Snikskytter” er ein actionfilm som leverar varene sine. Bob Lee Swagger blandar og set sin eigen insulin, kokar i hop bomber og skyt femøringar på to kilometers hald. Sjå han på trygg avstand i kinosalen.

Om FILMEN

Snikskytter (4)
  • Snikskytter (4)
  • Slippdato: 20.04.2007
  • Regi: Antoine Fuqua
  • Utgiver: Paramount Pictures
  • Sjanger: Action, Krig, Thriller