Stilistisk nydeleg og sterkt engasjerande sci-fi actionthriller i verdsrommet.

Regissør Danny Boyle og forfattar Alex Garland har tidlegare samarbeida om ”Trainspotting”, ”28 Days Later” og ”The Beach”, og kan godt få lov til å samarbeide om fleire filmar.

Sjangerblanding

Sunshine, som dei er aktuelle med no, er ein massiv og konsentrert film som blandar sjangre som science-fiction, action, thriller, postmodernisme og grøss.

Jorda er dekt av snø og is, og året er 2057. Sola har sløkka, og mann- og kvinneskapet på Ikaros 2 reiser ut i verdsrommet med ei tenningsmekanisme for å tenne sola att.

Ei tenningsmekanisme på storleik med Manhattan, for å være på den sikre sida. Sola er nå som den er, og mannskap og teknisk utstyr får kjørd seg. Og kven veit kor det vart av Ikaros 1 og mannskapet der?

Dyktig dirigent

”Sunshine” er ein massiv film. Lyden av sola som buldrar, stadig nærmare og nærmare og bildane av den skuggelagne romferja med eit digert skyddingsskjold føre seg for å verne seg mot den ufattelege varmen, held meg fast i setet og vekkar overlevingsinstinktet i meg.

Intensiteten aukar og aukar i jamt stigande tempo til dirigent Danny Boyle slepper taket i meg og let meg puste att.

Førføring

Musikken, komponert av John Murphy og Underworld, er perfekt til sitt bruk. Me høyrde fyrst Underworld i ”Trainspotting” og sist i ”Breaking And Entering”, og deira elektronikarytmar sitt som ei kule i vidt forskjellige sjangre.

Den prisløna John Murphy, som har komponert musikk til ”Lock, Stock, and two Smoking Barrels”, ”Snatch” og ”28 Days Later”, har gjort seg fortent til fleire premiar på hylla.

Det er berre å la seg forføre og skremme av lydsporet til ”Sunshine”.

Handlingens tid

Skodespelarane er drivande dyktige, og for å få litt friksjon er dei sjølvsagt utstyrt med vidt forskjellige sterke personlegskapar, noko som kan bli vel tydeleg til tider.

Men det gjer ikkje noko, så lenge dei er så prisverdig handlekraftige som dei er. Og handlekraftig treng du vera når du nærmar deg sola og sit i ei romferje som heiter Ikaros 2.

På ukjend territorie

Danny Boyle har teke eit stilsikkert steg vidare med ”Sunshine”. På lekkert og uventa vis varierar han det han velgjer å vise oss, og inspirasjonen kjem både i frå musikkvideoar, dataspel, realityprogram og psychorama.

Lurar du på kva psychorama er? Ha auga oppe når mannskapet trør inn i ei anna romferje. Eg seier ikkje meir.

Gå og sjå ”Sunshine” i ein kinosal med god lyd og la deg trykke og dytte att og fram av lydane frå sola, verdsrommet og metall som vrengar og vrir seg i fleire tusen celsius. Det er både vondt og godt på ein gong.

Om FILMEN

Sunshine