Finst det eit liv etter døden? Skjerp deg. Finst det eit liv før døden?

The Fountain er eit lite innføringsemne i filosofi, etikk og religion for deg som vil ha ei annleis filmoppleving.

Vågalt

Darren Aronofsky, mannen bak ”Requiem For A Dream” og ”Pi”, er meir vågal enn nokon sinne.

Han trør rett ut på den eksistensielle isen og veit nok godt at mange kjem til å sitje vantru og måpe etter sju minutt av ”The Fountain”.

Men eg vil nytte høvet til å anbefale ”The Fountain”, og eg vil samtidig førebu deg: dette er ein film som føregår på tre forskjellige plan; fortida; nåtida og ”det indre plan”. Og

Det er det ”det indre planet” folk truleg vil ha problem med å fordøye.

Univers på flere plan

Kort fortalt, utan å røpe for mykje, fortel ”The Fountain” historia om ein lege som er i ferd med å miste kona si til kreften, og som jobbar dag og natt for å finne ein kur før ho døyr.

Resultata han finn, er uventa og umåtelige, og stiller til sides all tidligare forsking og alt samfunnet er bygd opp rundt.

”The Fountain” er ikkje vanskeleg å skjønne. Den er berre så vanvittig i forma, og eit av universa som skildrast kan lett skuldast for å vere syretrippandes hippietull.

Eg kan forstå det, heilt ærlig tenkte eg det sjølv når eg satt i kinosalen.

Men valet regissør Aronofsky har teke; å skildre eit bevisstskapsnivå i grenselandet mellom meditasjon, sjelas lausriving og død, er eit vågalt eit. Og eg syns han kjem godt i frå det.

Vellykka sjanseprosjekt

”The Fountain” sine tekniske sider er prisverdige. Aronofskys kameraføringar er nydelege å sjå på, han er ein regissør som tenkjer visuelle løysingar som få andre.

Og dei tre forskjellige universa som blir framstilt her, krev løysingar utanom dei forventa vanlige overgangane.

Hugh Jackman leverar solid skodespelararbeid i ”The Fountain”. Han har tre forskjellige rollefigurar, og det er som legen i nåtida han kjem sterkast ut.

Raquel Weisz, som blant anna spelar kona hans, hamner litt i bakgrunnen, og det er ikkje hennar feil.

Viktig tema

I denne filmen er det bodskapet, ikkje skodespelarprestasjonane som skal sitte att i meg når eg går i frå kinosalen.

”The Fountain” har vorte eit vellykka sjanseprosjekt. Eg kan alltids pirke borti eit eller anna her og der som kunne vorte gjort annleis, men det har med utsjånaden å gjera, ikkje temaet.

Og temaet her er viktig. Berre sjå forbi det reint fantastiske og umoglege ved det, så ligg det noko der som gjeld alle. Jo travlare våre liv vert, dess meir har vi godt av denne filmen.

Sjekk ut ”The Fountain” på kino. Som ein kollega av meg sa: den kjem nok ikkje til å gå så lenge.

Om FILMEN

The Fountain
  • The Fountain
  • Slippdato: 16.03.2007
  • Regi: Darren Aronofsky
  • Utgiver: Warner Bros. Pictures
  • Sjanger: Drama, Romantikk, Sci-fi