Klar, ferdig, drep.
Foto: Jade Hærem AksnesTenner stikk fram der leppene skulle vore, størkna blod i fjes og på klær og sulte blikk som vil ha menneskekjøtt.
Slik ser det ut når dei døde står opp at og invaderer Vestlandet som tankelause zombiar. Og bak invasjonen står ein gjeng noværande og tidlegare filmstudentar frå Universitet i Bergen.
Regissør er Stian Hafstad (26) frå Førde, som tar master i regi ved Columbia University i New York, og som tidlegare har tatt bachelor ved UiB. Frå før har han vunne prisar for sine kortfilmer, og kortfilmen dei no spelar inn, «Saving the human Race», er eksamensfilmen hans i år.
Frå torsdag har dei spelt inn valdsame zombiescenar i Førde i Sogn og Fjordane, og til veka flytter dei innspelinga til Bergen.
Apokalypse
Handlinga er veldkjend. Verda går under ved at folk blir til levande døde. Dei drep dei menneska dei kjem over, og dei som vert bitt, blir til zombiar sjølv.
Og igjen i «Saving the human Race» står ein 14 år gammal gut som den einaste mannen i verda. Han bestemmer seg for å redde menneskeheita, og kjem i kontakt med den einaste kvinna som har overlevd. Men ho er 25 år og lite interessert i å ha noko med 14-åringen å gjere, og langt mindre å formere seg med.
– Filmen er vel mest eigentleg ein buddy-komedie, eit møte mellom mennesker. Den kunne nok liksågodt vore laga utan zombie-settingen, men zombiane tilfører eit morosamt element, seier regissør Stian Hafstad.
Han fekk lyst til å lage filmen etter at han las manuset til klassekamerat ved universitetet i New York, Jim Garvey. Planen var fyrst å filme i New York.
– Men det er ikkje så enkelt å tøme Manhattan for folk når ein skal spele inn. Så då flytta me innspelinga til Førde, seier Hafstad.
TA TESTEN:
Må vera realistisk
Chang Huyn Choi får på seg zombiefjeset.
Foto: Jade Hærem AksnesDen største utfordringa, fortel Hafstad, er å få det heile til å sjå realistisk ut.
– Sminken er ekstremt viktig. Ein må kunne tru at det er ein zombie ein ser, og ikkje ein person som er sminka.
Og det har gått mykje tid med til sminking. 30 statistar har vore sminka opp som gåande lik. Og alle jobbar gratis.
– Me har nullbudsjett. Dette er gode vener som stiller opp, seier regissøren.
Stian Hafstad (nummer tre frå venstre) følgjer med på innspelinga.
Foto: Jade Hærem AksnesZombietrend
Og zombietema er heilt i tida. I desse dagar går serien The Walking Dead på norsk tv, og dei siste åra har det vore mange zombiefilmar på kinolerretet. Men det var ikkje baktanken, skal ein tru Hafstad.
LES ÓG:
– Nei, me tenkte ikkje på det då me starta. Men det er jo fint om det kan hjelpe filmen fram, seier han.
For i tillegg til å levere filmen inn som eksamensoppgåve, skal den óg sendast rundt til festivalar og spreiast på internett når produksjonen er ferdig i slutten av september.