Hopp til innhold

Ho får filmrolle av Clint Eastwood

Beyoncé skal fylle rolla som Janet Gaynor, Judy Garland og Barbra Streisand har hatt før henne - i ein ny Clint Eastwood-film.

Beyonce

I eit intervju på 'Good Morning America' slapp Beyonce nyheita om at ho skal spele i nyinnspelinga av 'A star is born'. Her opptrer ho på TV-showet.

Foto: LUCAS JACKSON / Reuters

GERMANY-FILM-BERLINALE-SHUTTER ISLAND 96494661

Leonardo DiCaprio skal spele ei aldrande filmstjerne som hjelper ei ung skodespelarinne, spelt av Beyonce, på vegen mot suksess.

Foto: JOHN MACDOUGALL / AFP

Regissør Clint Eastwood skal lage ei nyinnspeling av klassikaren «A star is born» og gir songarinna Beyoncé Knowles ei av hovudrollene. Frå før av er det kjent at Leonardo DiCaprio skal spele den mannlege hovudrolla.

Beyoncé avslørte nyheita i eit intervju på frukostshowet «Good Morning America» nyleg. Ho uttalte at det var ei ære å få rolla.

– Clint Eastwood? Kan du tru det? Eg kan framleis ikkje det. Då eg møtte han var eg berre overvelda. Det er ei ære at han har tru på meg. Eg kan ikkje vente med å byrje å jobbe med denne filmen, sa ho.

Les også:

DiCaprio som aldrande filmstjerne

«A star is born» er blitt spelt inn tre gongar tidlegare, i 1937, 1954 og 1976. Beyoncé skal følgje i fotspora til Janet Gaynor, Judy Garland og Barbra Streisand, som har hatt hovudrolla før henne.

Skodespelarane i dei ulike filmversjonane har vunne fleire Oscar-prisar og -nominasjonar, så Beyoncé har mykje å leve opp til.

Leonardo DiCaprio (37) spelar ei aldrande filmstjerne, som slit med alkoholmisbruk. Han hjelper ei ung skodespelarinne, spelt av Beyoncé (30), på vegen til suksess. Karriera hans går nedover, medan hennar går oppover. Likevel forelskar dei seg i kvarandre.

Eastwood og DiCaprio har forøvrig nettopp spelt inn ein film saman, «J.Edgar», som etter planen får premiere mot slutten av året.

Suksess på hitlistene

Judy Garland

Judy Garland spelte i 1954-versjonen av 'A star is born'. No skal Beyoncé fylle hennar rolle.

Foto: Wikipedia

Det er ikkje første gong popstjerna prøvar seg på film. Ho har tidlegare spelt i filmane «Austin Powers in goldmember», «The fighting temptations», «Dreamgirls» og «The pink panther». Sistnemnde vart slakta, men Filmpolitiet meinte at det ikkje var Beyoncé sin feil at filmen var så dårleg.

Popstjerna opplever stor suksess om dagen, og er nummer éin på den britiske albumlista etter at ho spelte på festivalen Glastonbury sist veke. Ho er aktuell med albumet «4», som passande nok er hennar fjerde soloalbum.

Les: Lydverkets vurdering av «4»

Albumet vart lansert på verdsbasis 28. juni og det er venta at det også vil ta førsteplassen i mange andre land, ikkje minst på Billboard-lista i USA.

Beyoncé vart kjent gjennom vokalgruppa Destiny's Child og har som soloartist samarbeida mykje med den norske produsentduoen Stargate. Ho er gift med rapparen Jay-Z, som ho også har samarbeida med musikalsk.

Les: Beyoncé-reklame for het for TV

Sjå: Musikkvideoen «Let's Run The World (Girls)»:

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.