Eg har alltid hatt lyst til å bli ei kampsportstjerne, men både fysiske lover og latskap har gjort til at eg ikkje akkurat er Jackie Chan. Men denne traileren visar eit spel som kanskje kan gi meg sjansen!

Etter å ha arbeidd for Lionhead dei siste åra – på blant anna Fable-serien – grunnla Kostas Zarifis Kinesthetic Games, sitt eiget spelselskap. No presenterar han ein trailer for sitt komande spel som han vil selgje inn hjå distributørar.

Artikkelen held fram under traileren

I Kung Fu Superstar tek du på deg rolla som Danny Cheng, som arbeider seg opp i filmbransjen som kampsportstjerne. I spelet skal du kjempe deg opp frå dojoen til Hollywood-filmane, og lære ekte kung-fu-moves, seier Zarifis i eit intervju med Eurogamer.

På same måte som i Dance Central skal ikkje Kinect-utstyret vere nøgd før ein har gjort eit ekte kung-fu-move, men Zarifis seier at det óg vil vere mogeleg å nytte spelkontrollaren. Zarifis seier at målet er å vere innovative både med Kinecten og med handkontrollaren:

— Til sjuande og sist er det eit slåssespel. Det er eit spel mykje på same måte som God of War eller Assassins Creed. Den einaste skilnaden er at kampsystemet er ekte Kung Fu. Så i staden for å trykkje X for å slå, må du nytte ein Kung Fu-teknikk for å gjere angrepet fysisk.

Påverknad frå Lionhead

Fable 3. (Foto: Microsoft)
Fable 3. (Foto: Microsoft)
Sjølv om han har slutta i Lionhead, kan ein tydeleg sjå at Zarifis er påverka av tida si der. Spelets enkle og lettare karikerte modellar kan minne om Fable-serien, og å nytte filmsett som bakgrunn for å plassere hovudfiguren i mange ulike miljø er noko Lionhead har gjort i blant anna filmbransjesimulatoren The Movies.

Hans tidlegare sjef Peter Molyneaux er velkjend for å love for mykje i den tidlege hypinga av spela sine. Når ein ser på uttalelsane til Zarifis kan ein kanskje seie at han tek nokre blad ut av marknadsføringsboka til Molyneaux:

The Movies (Bilde: Lionhead).
— Kung Fu Superstar er eit spel for spelarar som likar utfordringar, djupn og sofistikert mekanikk.

Lat oss berre håpe at han ikkje overselgjer spela sine i like stor grad som sin tidlegare sjef. Om målet med Kung Fu Superstar uttaler Zarifis:

— Me har lyst til å lage den våte science fiction-draumen der du ser folk i sci-fi-filmar leike i gale simulatorar og tenkjer, ‘Herregud, det der kjem om nokre år. Sjølvsagt vil eg kunne leve meg inn i slike simulasjonar i virtuelle omgivnadar, og eg skal kunne gå 100 prosent inn i spelverda’.

Ooops, for seint.

Har du trua på Kinect-kontrollaren som verktøy for denne typen spel?