Ok, stans meg om du har høyrd denne før: Du er ein enkel landleg sjel. Plutseleg vert heimstaden din angripen av ein stor fare. Du grip til våpen, men vert slått tilbake. Trass motstanden bestemmer du deg for å halde fram med å kjempe.

Nei, det er ikkje Star Wars. Eller Fable. Eller Breaking Bad for den slags skuld. Det er Dragons Dogma.

Etter at ein drage angrip kystlandsbyen din, og – bokstaveleg talt – riv ut hjartet ditt, får du blod på tann. Du vil ha att hjartet ditt, og bekjempe dragen i prosessen.

Gode hjelparar

Då hjelper det jo at levande utan hjarte er The Arisen – innehavarar av mange praktiske eigenskapar, til dømes mogelegheita for å tilkalle hjelp frå ein menneskeaktig rase av dimensjonsreisande. Desse kjenslelause figurane – kalla Pawns – eksisterar kun for å hjelpe Arisen i deiras kampar.

I likskap med din eigen figur kan også denne hjelparfiguren redigerast ned til minste detalj. Min heitte Hulk, og var ein 2,5 meter høg koloss med eit kjempesverd som passa på min litt pinglete dolke-fører.

Dersom du er typen som elskar å nytte lang tid på figurfikling i Skyrim eller Fallout kan Dragons Dogma vere din himmel.

Omtale: Skyrim – Den ekte verdenen er oppskrytt

I tillegg til din heilt eigen Pawn, som følgjer deg gjennom spelet, er verda delvis befolka med andre spelarars Pawns (henta over nettet). Desse kan du rekruttere til ditt følgje, opptil fire stykker. Det er nok mogeleg å kjempe gjennom spelet åleine, men vanskelegheitsgraden tilseier at du bør få med deg ein liten haug, for å gjere det litt enklare.

Artikkelen held fram under videoen

Utfordrande

For dette er ikkje lett. Tankane mine går til eit anna «vestleg» rollespel laga av eit japansk selskap, Dark Souls. Dragon’s Dogma er ikkje fullt så ubarmhjertig, men det er likevel veldig utfordrande.

Omtale: Dark Souls: Jeg hater dette spillet. Terningkast 5.

Universet og handlingane deri kjennest ut som om japanarane har laga ei syntese av alle vestlege rollespel – dette er klassisk Monomyth. Verda er litt ukarakteristisk og generell – men spelarane beveger seg litt som om dei var i eit japansk actionspel. Sjå for deg kampsportutøvarar i ei litt keisam Skyrim-verd, så byrjar du å nærme deg.

Godt kampsystem

I tillegg kan spelaren din klatre på større monster – ikkje heilt ulikt Shadow of the Colossus – som kjemper eller drager, og hakke laus på hovud eller nakke for å raskare ta knekken på dei. Desse kampane, som dukkar opp med jamne mellomrom, er spektakulære, og noko av det beste med heile spelet.

Denne karen hadde tre munnar å mette. Han fekk smake stål (Bilde: Capcom).

Dette kan vere litt omstendeleg, men fungerar veldig bra for å skilje dette spelet frå ein del andre rollespel, der kampsystemet kan verke litt påklistra i etterkant. I Dragon’s Dogma er det absolutt kampane som er i sentrum.

Omtale: Shadow of the Colossus HD – Hva kjennetegner et storartet spill?

Tomt univers

Aberet med dette spelet er universet, som kan kjennest litt tomt. Områda utanfor byane vert i stor grad befolka av respawnande flokkar med udyr og bandittar, og det er lite av «reisen er målet»-kjensla frå til dømes Red Dead Redemption, til trass for at «fast travelling» ikkje er mogeleg.

Noko anna eg saknar sårt er multiplayer-mogelegheiter. Med ulike samarbeids-teknikkar med dine Pawns og systemet for utveksling av Pawn-figurar, skulle ein tru at lokal multiplayer hadde vore eit logisk følgje. Det er nesten rart at dei ikkje har lagt det til i Dragon’s Dogma.

Mest sannsynlegvis kjem verda til å bli utvida i fleire – allereie planlagde – DLC-pakker. Eg kjenner meg ikkje snytt, men det er synd at det skal vere meir pengar som er middelet for å gi meir liv til denne verda. Med rikare omgivnader kunne dette ha blitt ein av mine absolutte favorittar så langt i år.

Kva er viktigast? Eit godt kampsystem, eller ei god historie?

Om SPILLET

Dragon's Dogma