— Historiske ting, viking-ting. Alt som har med skjegg å gjøre!

Kristofer Hivju har nett truffe ein potensiell amerikansk manager, og diskusjonen rundt kva roller han kan vere aktuell for har gått heftig. Filmbonanzas reporter Mona B. Riise traff Hivju på en ukes jobbjakt i den amerikanske filmbransjen.

Alexander Skarsgård stjal rollen

Den norske skodespelaren fekk sin første Hollywood-jobb i filmen The Thing, men dette var på langt nær det første forsøket hans.

— Det byrja med at HBO casta skandinavere for ei av hovudrollene til True Blood. Eg laga ein audition-tape som så mange andre, og sendte inn. Eg rykka videre, og eg rykka en siste gang da vi var tre igjen, men så kom Aleksander Skarsgård og stjal rollen!

True Blood (Foto: HBO)
Tenk så annleis True Blood hadde vore med Kristofer Hivju som Eric Northman (Foto: HBO).

Det er ikkje vampyr-rollene Kristofer går for no, men han har tenkt på kva han kan spele i amerikanske filmar:

— Det er litt sånne villmenn eg håper dei treng. Viking, villmann, hulebuar, slem russer!

I The Thing fekk han rolla som forsker og villmann. Og skal me tru Eric Christian Olsen – Hivjus medskodespelar i The Thing, og ei av hovudrollene i serien NCIS: L.A. – er ikkje slem russer heilt utenkjeleg:

— Eg ville ha elska å ha han med på NCIS: L.A.. Me har faktisk forsøkt å få han med som ein russisk «bad guy», han har ein veldig god russisk aksent. Kristofer er «amazing»!

Eit ettertrakta liv

Kristofer Hivju på den raude løparen (Foto: United International Pictures)
Kristofer Hivju på den raude løparen (Foto: United International Pictures)

Livet på den raude løparen er ettertrakta, og Hivju kryssar fingrane for suksess. For tida spelar Hivju Gud i stykket G7, men han legg ikkje skjul på at ei karriere i Hollywood er det han drøymer om:

— Dette er jo draumen! Me får sjå kva som skjer. Eg prøver å gjere det eg kan, slik at eg ikkje kan seie «dersom eg berre hadde…». Går det ikkje, så har eg allereie vore med på ein storfilm, og det var ei enorm oppleving. Det viktigaste for meg er å berre «do my best»!

Det neste storprosjektet til Hivju er science fiction-filmen After Earth, som er Will Smith sitt familieprosjekt, regissert av M. Night Shyamalan. Will Smith beklager til NRK at Kristofer Hivju måtte klippe det karakteristiske håret, men omtaler han som en glimrande skodespelar.

Avtalen med det amerikanske agentbyrået gjekk i boks, og det kan sjå ut som om han har gjort godt arbeid:

Det ryktast nemleg at Kristofer Hivju kan ha fått ei rolle i serien Game of Thrones. Hivjus kommentar til Filmpolitiet er:

— Ingen kommentar.

Oppdatering 18/05: Hivju har bekreftet at han har vært på audition for serien, les mer her.