Eg var sikkert ikkje den einaste som vart litt trist då internettet slapp nyheita om at Jackie Chan skulle slutte som actionstjerne. I følgje blant anna The Telegraph kjente han seg for trøytt etter sin siste film, og ynskja å trekkje seg tilbake frå filmbransjen som han følte har blitt for valdeleg.

I dag kjem kontrabeskjeden frå Facebook-fanpagen hans:

— Eg var sjokkert då eg vakna opp og las nyheita om at eg skulle pensjonere meg frå action-filmar. Eg vil berre late alle vite at eg ikkje skal pensjonere meg.

— Det eg meinte å seie var at eg må gjere færre livstrugande stunts i filmane mine. Etter så mange år med så mange stunts og så mange brukne bein, må eg ta betre vare på kroppen min så eg kan halde fram med arbeidet.

58-åringen som starta karriera si som stuntmann i Bruce Lees’ Enter the Dragon, og er velkjend for å gjere alle stunts sjølv, tillegg misforståinga til språkbruken, og seier at han skal øve meir på engelsken sin.

Les også: Legenden Jackie Chan

Tabbeklipp frå Rush Hour-filmane, slik norske filmsjåarar kjenner Chan best

Dette betyr nok likevel at han vil fokusere mindre på actionfilmar:

— Eg vil bli ein asiatisk Robert De Niro. Eg vil ikkje berre vere ein actionhelt, eg vil vere ekte skodespelar. Med tida vil eg vise folk den ekte Jackie Chan, sa han på pressekonferansa til sin nyaste film Chinese Zodiac.

— Det er eit dilemma – eg elskar kamp. Eg likar action, men eg likar ikkje vald.

Mest sannsynleg vil han i større grad arbeide på filmar som hans førre 1911: Revolution, som han både regisserte og spelte ei av hovudrollene i. Filmen fortel historia om den kinesiske Xinhairevolusjonen, og er ein meir seriøs film enn kva me er vant til å sjå han i.

Artikkelen held fram under traileren til 1911: Revolution

Men til dei som er redd at 90- og 2000-talets Jackie Chan-actionkomedier er heilt fortapt, frykt ikkje. Avslutningsvis skriv Jackie Chan dette:

— Eg vil halde fram med å lage internasjonale actionfilmar.

Kva Jackie Chan-film er din favoritt?